Kva kostar det å søka?

Du må betala for at kommunen skal behandla byggesøknaden din. Prisen du må betala avhenger av kva du skal bygga.

Saksbehandlingsgebyret blir rekna ut frå eit basisgebyr basert på kva du skal bygga og eit arealgebyr for størrelsen på byggverket. Dersom du søker om dispensasjon, kjem dispensasjonsgebyret i tillegg.

Eksempelet under viser saksbehandlargebyr for å bygga ein garasje på 50 kvadratmeter som krev dispensasjon frå regulert byggegrense.

Type gebyr

Pris

Grunnbeløp 2870 kroner
Arealgebyr (20 kr x 50 m2) 1000 kroner
Dispensasjon, byggegrense 5390 kroner
Sum 9260 kroner

Prisliste for byggesaks- og reguleringsgebyr finn du her. (PDF, 100 kB) 
 

Opningstider

Byggesakskontoret er ope måndag til fredag 12.30-15.00.

Klikk her for å bestilla møte

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00

Kartpunkt