Vigsel

I Hå kommune har ordførar, varaordførar og rådmann fått vigselsrett.

 

Planlegg de bryllup?

 

Tid og stad for vigsel

Det kommunale tilbodet om vigsel er slik:

  • Vigsel skal i hovudsak finna stad i kontortida (08.00 – 15.00) måndag til fredag.
  • Vigsel kan også finna stad ein lørdag i månaden (må avtalast).
  • Tidspunkt for vigsel vert fastsett etter dialog mellom brudefolket og vigslarane.
  • Vigsel er gratis, med desse unntaka:

- Ved vigsel i andre lokale enn kommunen sine ordinære lokale (kr 1000,-)
- Ved vigsel utanom ordinær arbeidstid (kr 1000,-)
- Ved vigsel der begge brudefolk er busett i andre kommunar (kr 1000,-)
- Ved vigsel der begge brudefolk er busett i andre kommunar, i andre lokale og/eller utanom arbeidstid (kr 2000,-)

Dette må de gjera:

Før de kan gifta dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår.
Frå juni 2018 kan du søke om prøving av ekteskap digitalt.
Det betyr at de logger dykk inn på Skatteetaten og oppgjev ein del opplysingar. Behandlingstida kan vera inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfylging. Me anbefaler dykk til å vera ute i god tid, men likevel ikkje meir enn fire månadar før de skal gifta dykk. Ein prøvingsattest er kun gyldig i fire månader, fordi opplysingane de oppgjev må vera ferske.
Begge komande ektefellar må fylle ut kvar si eigenerklæring, og forlovarane fyller ut forlovererklæring. Dersom du ønsker å endre namn, må du fylle ut ei melding om endring av namn.
Alt kan fylles ut digitalt via Skatteeaten sine nettsider.
Når saka dykkar er ferdig behandla, vil de få melding om å logge dykk inn i Altinn for å laste ned prøvingsattesten som bekreftar at de kan gifte dykk.
Prøvingsattesten kan de velge å vidaresende fra Altinn i ein e-post til vigslar (Hå kommune), eller skrive ut og ta med ein kopi av. 

Gratulerer! Nå er de klar for å inngå ekteskap!

Tid for vigsel bestiller du her. Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med Servicetorget på telefon 51 79 30 00 eller på e-post

Korleis føregår seremonien?

De må møta opp i Servicetorget i Hå rådhus seinast 15 minutt før avtalt tid for vigsel. Dette gjeld òg eventuelle gjester. Her vil de verta godt mottekne og følgd vidare til venteområdet utanfor vigselsrommet.  
Det skal vera to vitne til stades under seremonien. Vanlegvis er dette forlovarane, men det kan også vera to andre myndige personar.
Sjølve seremonien tek omlag 10-15 minutt.
Vigslaren les ein fastsett tekst (Fastsett ved kongeleg resolusjon av 5. desember 2008).
Dersom de ønsker å utveksla ringer, gjer de det når vigslaren har erklært dykk for rette ektefolk.
I slutten av seremonien underteiknar brudeparet, vitna og vigslar vigselsprotokollen.

De må gjerne ta bilete både før, under og etter seremonien.

Vigsel - Klikk for stort bilete

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?