Politikontakt

Gustav Grastveit er politikontakt for Hå kommune.

Klikk for stort bileteKvar tysdag har politikontakten kontortid på rådhuset på Varhaug mellom klokka 10 og 14. Inntil vidare er rådhuset stengt for publikum, men om du vil ta kontakt med Gustav kan du senda e-post til gustav.grastveit@politiet.no eller ringa sentralbordet til politiet på telefon 02800 og be om å bli sett over.
 
Politikontakten skal vera ein ressurs innan kriminalitetsførebygging, og skal sørga for oppfølging av kriminalitetsførebyggande handlingsplan og nærpolitirolla til politiet. Politikontakten skal òg vera pådrivar for at politiråd og SLT-samarbeid (Samordning for lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak) fungerer. I tillegg skal han eller ho bidra til samhandling og sørga for kunnskapsdeling og erfaringsutveksling mellom politiet og ulike samarbeidsaktørar i kommunen.
 
For spørsmål til politiet andre dagar i veka, ta gjerne kontakt med Jæren lensmannskontor. Ved akutte hendingar må du ringa nødnummeret 112.
 
politiet.no kan du mellom anna finna svar på spørsmål om pass, søka om politiattest og anmelda lovbrot.