Opplev Hå

Opplev høg himmel, vakre strender, levande landbruk med kyr og sauer, langstrakte marker og heier dekt i gras og lyng! Opplev flott turterreng, rike kulturminner, museer og samtidskunst.

Smak lokal mat på spisestader, kafear og gardsutsal.

Velkommen til eit mangfald av kulturopplevingar i Hå!

Hå gamle prestegard

er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Hå gamle prestegard er ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria. Anlegget, som ligg ved havet, består av ulike jærhus, som våningshus og andre driftsbygningar. Anlegget har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar, kommisjonssal av kunst, kafé med lokale matvarer, seminar og utleige av lokale. I tillegg leigar me ut til overnatting på Obrestad fyr. Her vert det arrangert konsertar og konferansar, litteratur- og temakveldar.  Omvising etter avtale. Prestegarden er ein av dei mest besøkte utfartsstadene på Jæren, og er eit godt utgangspunkt for kortare og lengre turar langs Kongevegen og Nordsjøvegen.

Obrestad fyr

Fyrbygningen frå 1873 er museum. Her finn du utstillingar om kvardagslivet på fyret og soldatlivet under 2. verdskrigen. Krigsminne. I sommersesongen er det kunstutstilling på anlegget. Leiligheter og boliger med utsikt over storhavet til utleie hele året.

Jærmuseet/Vitengarden

Møtestad mellom fortid og nåtid. Her finn ein tusen år gamle spor etter landbruk, tett opp til moderne gardsbruk. Her ligg eit nytt museumsbygg som fangar opp i seg stemningane og linjene i kulturlandskapet omkring. Vitengarden er eit opplevingssenter der ein formidlar kunnskap om naturvitskap og teknologi gjennom interaktive utstillingar og eksperiment.

Friluftsfyret Kvassheim

Fyrstasjonen som ligg ved Nordsjøvegen blei bygd i 1912. Her kan du sjå utstillingar om redningshistorie og fugleliv. Friluftsfyret Kvassheim er en del av Nasjonal turistveg Jæren. Stedet er et godt utgangspunkt for tur-gåing langs havet. Overnattingsmoglegheiter. Utleige av selskaps- og møtelokale. Kafe.   

Ingermanland

Hå kommune har satt opp museumsbygget som huser giggen frå det store russiske linjeskipet Ingermanland som etter lang kamp mot storm, sank ut for Haarr. I utstillinga kan du lese om det dramatiske forliset.

Varden Sjøredningsmuseum

I museet kan du m.a. sjå redningsbåten "Tryg" og utstyr frå redningsstasjonane på Jæren. Ligg på området til Ogna Camping, Brusand.

Turområde

Hå kan by på naturopplevingar i eit ope og variert landskap, strand og hei, surfing og badeliv. Det er rike moglegheiter for fiske både i sjø, ferskvatn og to av dei beste lakseelvane i landet. Fugleparken på Nærbø er og ein ynda utfartsstad. Det er etablert eit vidgreint nett av turstiar, frå merka naturløyper til parsellar med barnevognstandard. Også sykkelvegnettet er godt utbygt, mellom anna med kartfesta sykkeltrasear med utgangspunkt til jernbanestasjonane. Nordsjølanda har gått saman om ein samanhengande sykkelveg gjennom landa. Ein bit av denne går gjennom Hå.

Badeplassar

Det finst fleire badeplassar i Hå, og på ein del av desse kontrollerer me vasskvaliteten i sommarhalvåret.

Gruppeturar

Hos Fjell-Vandring AS kan du bestille gruppeturar i naturen.

Synesvarden landskapsvernområde

Jærsk hei-, myr og utmarksbeitelandskap. Den menneskeskapte lyngheia inneheld ulike kulturminne. Området har eit særmerkt plante- og dyreliv. Rikeleg med geologiske landskapsformer som kastar lys over korleis Jæren vart forma mot slutten av siste istid. Eit nettverk av turstiar med informasjonsskilt om natur og kultur. Totalt er det merka 25 km med turstiar i området. Litt kupert naturterreng.
Parkering: Holmavatn, Korphaugane og Kartevoll.

Kontakt

Turistinformasjon
Hå folkebibliotek
Telefon: 51 79 36 80

Kart

Fann du det du leita etter?