E-post kan vera ein usikker kanal som kan hackast og misbrukast, e-postar kan stoppast i spamfilter eller ikkje kome fram av andre årsakar. Sensitive personopplysningar som for eksempel informasjon om helse og sosiale forhold bør difor ikkje sendast via e-post.
Ved å bruka eDialog, kan du trygt senda digitale dokument til Hå kommune gjennom ein sikker kanal.
Du skal ikkje bruke eDialog viss:
- det gjeld enkle spørsmål som ikkje skal journalførast hos oss, då kan du bruke chatfunksjon, facebooksida vår eller du kan sende e-post til post@ha.kommune.no
- kommunen har elektroniske skjema til føremålet, for eksempel søknad om barnehageplass og søknad om stilling. Då kan du bruke søknadssenteret vårt
- eDialog kan ikkje nyttast for dialog til legetenestene.