Beredskap i Hå kommune

Kontakttelefonar under krise:

 
Brann 110
Politi 112
Lege / AMK 113
Legevakt i Hå 116 117
Hå kommune 51 79 30 00

 

Internett

I ei krise vil Hå kommune nytte eigne nettsider og facebookside aktivt til å informere innbyggjarar og andre:

www.ha.no

www.facebook.com/hakommune

Servicetorg

Servicetorget er Hå kommune sitt informasjonssenter for publikum, pårørande og media. Servicetorget skal alltid vere bemanna i kriser og uønska hendingar med auka informasjonsbehov.

Befolkningsvarsling

Ved kriser og uønska hendingar kan det oppstå behov for varsling av befolkninga. Gemini Varsling er Hå kommune sitt system for befolkningsvarsling. Systemet gir Hå kommune moglegheit til å varsle innbyggjarar ved hjelp av SMS og/eller talemelding. For å vere sikker på at du kan motta varslingane kan du gå inn på www.servicevarsling.no og sjekke di eiga oppføring.

Hå kommune si kriseleiing

I tilfelle krise vil kriseleiinga i Hå gå ut med informasjon om kva som skjer og korleis krisa påverkar kommunen sine innbyggjarar. Hå kommune si kriseleiing består av:

  • rådmann (leiar)
  • ordførar
  • kommunalsjef helse- og sosialsaker
  • kommunalsjef tekniske saker og næring
  • kommunalsjef opplæring og kultur
  • økonomisjef
  • personal- og organisasjonssjef
  • kommunikasjonsansvarleg
  • beredskapskoordinator

Mål for kommunen sitt arbeid

Det er eit mål å skapa eit trygt og robust samfunn - der alle tek ansvar. Hå kommune skal bidra til å skapa eit samfunn som er godt førebudd, og når noko ein sjelden gong skulle gå gale, skal me løfte i lag.

Definisjon på krise

Ei krise er alle typer uønska hendingar som rammar større grupper av menneske/område med direkte eller indirekte skader av ein omfang som er mei omfattande enn det ordinære hjelpeapparatet kan klare å handtere på ein tilfredsstillande måte.

Beredskapssplan

Planen skal gi opplysningar om kven som er i kommunen si kriseleiing og deira ansvar, roller og fullmakter. Planen definerer og kven som har fullmakt til å kalle inn kriseleiinga.

Om det oppstår ei uønska hending som har så stort omfang at ho ikke kan handterast innføre kommunen si vanlige organisering, kan rådmannen beslutte at det skal etableres kriseleiing i kommunen. Kriseleiinga har som hovudoppgåve å koordinere samarbeidet mellom sektorane og styre kommunen sitt overordna engasjement.

Beredskap i Hå

Beredskapen i Hå kommune bygg på ei risiko- og sårbarheitsanalyse. Uønska hendingar eller kriser vil frå tid til anna ramme vår kommune. Når dette skjer vil kriseleiinga i Hå kommune bli samla i rådhuset.

Kriseleiinga skal koordinere alle kommunale tiltak. Nødvendige tiltak skal normalt bli gjennomført i samsvar med gjeldande fagplanar. Kva fagplanar som blir tatt i bruk kjem an på kva type hending/krise som er aktuell.

Kriseleiinga kan knyte til seg ressursar etter behov. Dette kan vere Norske sanitetskvinner, Røde Kors, Hå kyrkjelege fellesråd, Sivilforsvaret og andre organisasjonar.  

Ved mange uønska hendingar er det politi/brannvesen som eig hendinga. Kommunen si oppgåve vil då vere å bistå politi og brannvesen.

Kriseleiinga sine oppgåver

Oppgåva til den kommunale kriseleiinga vil i hovudtrekk vere livreddande innsats, hjelpe menneske som er råka, verne verdiar, informera og opplysa, og gjenopprette normalsituasjon.

Kontakt

Ole Vikse
Ole Vikse
Seniorrådgivar
Telefon: 51 79 30 11
Jarle Bø
Jarle Bø
Nærings- og hamnesjef
Mobil: 488 44 788
Fann du det du leita etter?