Viktig melding

Lukk meldinga

Skulenytt

Utleige - Reglar for bruk av skulerom

Vi viser til vedtak i Hå skulestyre 24.04.86, sak 55 / 86:

1. Leigaren har ansvar for ro og orden, både inne og ute, og må syta for at ingen uvedkomande får tilgang til skulen. Leigaren skal peika ut kven som har tilsyn med dette, og skulen skal veta kven det er.

2. Leigaren er ansvarleg og erstatningspliktig for mogeleg skader på skuleanlegg og utstyr. Han skal straks melda frå til styrar eller vaktmeister viss noko vert skadd.

3. Ingen må sleppa inn i lokalet før den ansvarlege leigaren er til stades. Han er også den siste som går frå rommet etter bruk, og ser etter at alt er i orden.

4. Det er forbode å nyta alkohol inne på skuleområdet, og å røykja i skuleromma.

5. Lokala skal i regelen berre nyttast i tida 17.00 - 21.00. Ein kan ikkje rekna med utleige på laurdagar, fridagar og i feriar. Unntak kan styraren gjera i samråd med vaktmeisteren. Liberalisert søndagsskulen, organisasjonar m.v. for leiga på søndag.

6. Dersom leigaren ikkje vil ha rommet i den tildelte tida, skal han melda frå til styrar eller vaktmeister minst to dagar føreåt.

7. Leigaren må vika plass dersom skulen eller skulen sine lag har bruk for romma til skuleføremål i utleigetida. Leigaren må snarast få melding om dette.

8. Det må ikkje nyttast skor med stiletthælar eller anna slags fotty som kan gjera skade på golva. Leigaren har ansvar for at dette vert halde.

9. Utleiga må ikkje føra med seg ulemper for den vanlege undervisninga ved skulen. Det må difor sytast for skikkeleg reinhald og lufting. Alle spor etter tilskipinga i og utanfor skulen (t.d. plakatar) må vera tekne bort før elevane kjem til skulen. Kvar leigar har ansvar for reinhald, vakthald og ev. nøkkel.

10. Skulestyreformann, samarb.utv.formann, skulesjef, rektor og vaktmeister har til kvar tid tilgjenge til utleigde rom.

11. Leigaren pliktar å gjera seg kjend med ordensreglar og utleigereglar. Han skal retta seg etter desse, og etter påbod frå styrar/vaktmeister.

12. Samarbeidsutvalet kan godkjenna at lag, organisasjonar og særskilte interessegrupper har dans på tilstellingar for medlemmene sine. Utvalet må sjå nøye etter at utleigereglane vert fylgde.

13. Opne dansearrangement kan ikkje tillatast.


- Søknadsskjema (DOC, 76 kB)