Viktig informasjon om koronavirus

Råd og utval

Eit godt samarbeid mellom heim og skule er ein viktig føresetnad for at elevane skal få eit godt læringsmiljø. Foreldre og elevar er sikra medverknad i skulen gjennom både SU (samarbeidsutvalet) og SMU (skulens miljøutval). I tillegg er foreldra sikra medverknad gjennom deltaking i FAU (foreldra sitt arbeidsutval) og gjennom arbeidet som foreldrerepresentantar i dei ulike gruppene.

Elevane er sikra medverknad gjennom klasserådsarbeidet og elevrådet, og er i tillegg representerte i SU og SMU.

Sjå meny - råd og utval - for å sjå kven som er med dette skuleåret.

Ein vel representantar til FAU på første foreldremøte kvar haust. Det vert valt to representantar frå kvart trinn.  Av desse 6 representantane i FAU vel ein to representantar til samarbeidsutvalet. 

For å få kontinuitet i utvalet sitt arbeid, har ein følgjande valordning:

8.trinn: 

Ein representant som sit i to år, og ein som sit i eit år.


9.trinn: 

Ein representant som sit i to år, i tillegg til den som sit vidare frå året før.


10.trinn: 

Ein representant som sit i eit år, i tillegg til den som sit vidare frå året før.