Møllerhaugen - eit alternativt tilbod

Møllerhaugen er ein alternativ skule for elevar som har nytte av ein annan opplæringsarena. Skulen er lokalisert i ein ombygd driftsbygning på Møllerhaugen, på Nærbø. Der leiger Hå kommune både driftsbygning og uteareal i skuletida. Administrativt ligg Møllerhaugen under Nærbø ungdomsskule.

Primært er dette eit tilbod for ungdomsskuleelevar i Hå kommune, men ein gjer og plass til nokre av dei eldste barneskuleelevane ved behov.

Tilbodet er inndelt i to avdelingar:

Klikk for stort bilete

Ein teoretisk del

Primært for elevar sosiale/emosjonelle vanskar. Her får elevane fagleg og sosial oppfølging, gjennom arbeid med skulearbeid og lekser. ein legg og opp til praktiske aktivitetar siste økt, som t.d. tid til samtale, film, spel, gymnastikk og tur.

Det er ei lita elevgruppe, på om lag 6-8 elevar, med tett vaksenkontakt. Fokuset er på struktur, fagleg/sosial tilpassing, ros, løn og konsekvens.

Heimeskulen har det faglege ansvaret ved å senda studieplanar, lekseplanar, og gje vurdering. Elevane nyttar PC til skulearbeidet.

Ein praktisk del

Primært for elevar som treng praktisk tilnærming eller eit avbrekk i ordinær skuledag. Ein legg opp til praktisk matematikk gjennom arbeid. Hovudaktivitet nå er sveising og dreiing i tre og stål. I tillegg driv ein ei elevbedrift som merkar turløyper for Hå kommune.

Ein legg også opp til fysisk aktivitet - gymnastikk i gymsal, Nye Loen, eller treningsrom.

Det vert gitt vurdering/karakter i orden/åtferd, samfunnsfag og Kunst & Handverk.

 
Personell
Klikk for stort bilete

 

 

Klikk for stort bilete

 

 

  Klikk for stort bilete

 

 

Eldbjørg Engelsvoll Marius Moen Merete Ohma Kjell Flåten
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Astrid Brekke Salte
Lagleiar Møllerhaugen
Mobil: 917 15 758