Kven kan koma til helsesjukepleiar?
Alle kan koma innom for samtale. Foreldre kan ta kontakt på telefon: 48868357 (Stine) og 45876170 (Martine).
Kva kan helsesjukepleiar hjelpa med?
Helsesjukepleiar har teieplikt og elevane kan ta opp ulike spørsmål/utfordringar med henne. Det kan vera spørsmål angåande kropp, kosthald, venner, trening, mobbing, psykiske vanskar, vaksiner og/eller andre tankar som dei har.
Korleis tek elevane kontakt?
Elevane kan koma innom kontoret, be læraren avtale ei tid eller booke ein time sjølv via kalenderen på Chromebook.