Foreldresamarbeid

I følge barnehagelova skal barnehagen gje barn under skulealder gode utviklings- og aktivitetsmoglegheiter i samarbeid med barnet sin heim. Barnehagen skal hjelpe heimane i omsorgs- og oppdragingsoppgåver. For å sikre samarbeidet med barnet sin heim, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd (FAU) og eit samarbeidsutval (SU).

Foreldrerådet (FAU) består av foreldre/ føresette, og skal fremme barna sine fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.

Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagens eigar kan delta etter eige ønske, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. 

(Barnehagelova §1-4).

Fann du det du leita etter?