Tilvenning i barnehagen

Her finn de informasjon om tilvenninga i barnehagen, både teoretisk og praktisk. Håpar det kan vere til god hjelp for dykk som skal sende det kjæraste de har til oss.

Viktig å tenke på at tilvenninga kan vere utfordrande og vanskeleg same kva alder barnet er i, også for barn som har gått i barnehage før.

Klikk for stort bilete

Dei fyrste dagane

Dei fyrste dagane er viktige for å danne eit godt grunnlag for trygg og god tilknyting til personalet. Slik får vi ein god oppstart. Både foreldre og personalet må bruke god tid, slik at barnet kan føle seg så trygg som mogleg i dei nye omgivnadane. Det er de som foreldre som er den ”trygge basen” for barnet dykkar desse dagane. Det er derfor viktig at de er tilstade og ikkje går ut av rommet, eller vandrar rundt på avdelinga. Det blir fort forvirrande og utrygt for barnet. Vi ønsker at de sit på ein bestemt stad på golvet. Då kan barnet gå ut og utforske fritt utan at det treng å halde styr på kvar foreldra er til ein kvar tid. Då kan barnet lett komme tilbake og få påfyll av tryggleik og kos.

Vi ønsker at de som foreldre skal vere aktivt med i tilvenninga. Det er i hovudsak de som har ansvar for dykkar barn dei fyrste 2-3 dagane. Dette vil seie at det er de som skifter bleie, gir barnet mat, og kler på barnet i garderoben. Vi er sjølvsagt også med, men det er tryggast for barnet dersom de gjer det sjølv dei fyrste dagane. Vi ønsker også at de er aktivt med i leiken med barnet dykkar. Ved at de har hovudansvaret dei fyrste dagane, og vi er litt på sidelinja, kan vi sjå på korleis barnet samspelar, kommuniserer og reagerer på ulike situasjonar. Barnet får høve til å venne seg til omgivnadane og dei andre barna med deg som ein trygg base. Barnet får også på denne måten sjå at mor/far snakkar og samhandlar med oss vaksne på ein god måte. Det viser barnet at mor/far er trygge på oss, noko som gjer det lettare for barnet å søke tryggleik hjå oss etter kvart som dei skal vere åleine i barnehagen.

Vi vil anbefale at de ser an barnet dykkar og brukar den tida barnet treng på tilvenninga. Dette vil vere individuelt. Bruk god tid, då nyare forsking viser at det er svært viktig for ein god oppstart. Her er ein god dialog med personalet viktig. Det er de som kjenner barnet dykkar best, og ser kva som er nødvendig. Bruk gjerne besteforeldre, onklar/tanter eller andre som kjenner barnet godt til å gjere dagane i barnehagen litt kortare den fyrste tida.

Det er ønskjeleg at det bare er mor eller far som er med barnet i tilvenninga. Det er mange barn som skal bli trygge samtidig, og då gjer ein det meir forvirrande og usikkert for barna viss det er fleire vaksne enn nødvendig i rommet. Håpar de har forståing for det!

Når mor/ far skal gå frå barnet

Det er viktig at barnet får ei gradvis tilvenning i barnehagen, derfor er det lurt at dei fyrste dagane etter tilvenningsperioden er kortare – viss det er mogleg. Vi tilrår også at barnet kjem i barnehagen kvar dag den fyrste tida, til det verkar trygt, har fått innarbeida rutinar, og fått forståing av at det er her det skal vere, og at mor/ far kjem tilbake igjen. Dette gjer kvardagen meir føreseieleg for barnet, noko som igjen gjer det lettare for barnet å bli trygg i barnehagen. Informer personalet kva for eit klokkeslett du kjem og hentar. Dette vil vi bruke for å hjelpe barnet gjennom dagen og når vi fortel kva som skal skje før det blir henta.

Det er bra om de som foreldre førebur barnet i god tid om at noko nytt skal skje. Førebuingane i samband med overgangssituasjonar og fråskiljing har mykje å seie for barnet.

Dette kan de gjere for å førebu barnet:

  • Samtale med barnet om barnehagen. Ver positiv, men snakk sant. Her skal du leke og ha det bra. Mamma/pappa skal vere med dei fyrste dagane, så skal mamma/pappa gå på jobb og du skal vere i barnehagen.
  • Ha bilete av personalet og barnehagen tilgjengeleg for barnet. Viktig for barnet å ha noko konkret. Samtal ut frå biletet.
  • Dra på tur for å leike på barnehagens leikeplass utanfor barnehagens opningstid. Då vert barnet kjent med området, og vil kjenne det igjen.
  • Lag til ”Meg sjølv boka”. Lim in bilete og ha den klar til oppstarten.
  • Avtal gjerne med personalet og kom på besøk i barnehagen. Alle får tildelt ein besøksdag. Men kom gjerne fleire gonger før oppstart.

 

Avskjeden

Tårer og såre avskjedar skjer svært ofte i oppstarten. Dette kan vere like vanskeleg for de som foreldre som for barnet, noko vi har full forståing for. Det er viktig å gjennomføre avskjeden, sjølv om det kan vere tøft. Har de sagt hadet og skal gå, må de gjennomføre dette. Det blir bare meir forvirrande for barnet viss avskjeden blir dratt ut for å prøve å unngå tårene. ( sjå eige skriv: ” Du må tåle tårene”)

Hugs: Foreldra skal alltid seie frå når dei går frå barnet. Ikkje avlei eit barn sjølv om det kjennes betre for de foreldre/personalet at barnet ikkje gret når de går. Om de bare forsvinn utan å seie frå kan det bli utrygt og vanskeleg for barnet. Dersom de er usikre, blir barnet usikkert og tilvenningsfasen tek lenger tid. Det betyr ikkje at det ikkje er lov å vere usikker, men snakk med personalet om det, ikkje barnet. Vi vil halde dykk oppdaterte på korleis det går med barnet gjennom sms viss de ynskjer det.

Etter tilvenningsperioden kan det framleis vere veldig sårt for nokre barn når mor eller far går, barnet er ikkje heilt trygt i barnehagen. Plutseleg er ikkje alt like spanande lenger, men kanskje litt nifst nå som ikkje mor/ far er der. Barnet har mykje nytt å forholda seg til, mange nye vaksne/ barn, mange nye leiker, rom og rutinar. Det er viktig at barnet får tid til å bli kjent med alt dette nye, og at vi vaksne forstår at den fyrste tida kan vere utfordrande for barnet. Ha lite planar på ettermiddagstid, og sett av tid til kvalitetstid med barnet ditt.

 

Overgangsobjekt

Eit overgangsobjekt er eit symbol som står for noko anna. Det er eit symbol på samspelsopplevingar og nærleiken barna har til omsorgspersonane sine. Det minner barna om det dei saknar; f. eks mor og far. Det representerer tryggleik, nesten som om mor eller far er der. Overgangsobjektet blir mest brukt i situasjonar som sorg, sakn, når barnet skal sove, er lei seg osv.

NB! Dersom barnet blir pressa til å klare seg utan overgangsobjektet før det er klart for det, kan barnet bli utrygt. Ta derfor med tutt, kosefiller, bamse osv.. Det har stor tyding for barnet, og barnets behov for trøyst.

Hugs at alle barn er forskjellige; nokre treng ekstra lang tid på å verte trygge i barnehagen, medan andre er trygge etter kort tilvenning!

 

Primærkontakt/tilknytningsperson.

Kvart barn har sin eigen primærkontakt. Ein primærkontakt vil seie at barnet har ein fast vaksen som er saman med barnet i situasjonar som måltid, bleieskift og ved legging. På den måten vert primærkontakten og barnet godt kjent, og barnet får moglegheit til å etablere ein nær relasjon til ein bestemt vaksen. Det er primærkontakten som skal vere saman med barnet og mor/far dei fyrste dagane i barnehagen. Primærkontakten vil også bruke tid på å snakke med mor/far.

Det kan bli endringar i kven som er primærkontakt for ditt barn. Har barnet god kjemi og knyt seg betre til ein annan vaksen enn den som er primærkontakten, vil vi alltid bytte for å gjere det som er det beste for barnet.

 

Praktiske opplysningar

- Ta med tutt, kosefille, eller det overgangsobjektet barnet ditt brukar.

-  Alle klede må merkast med namn.

-  Ta med bleier og skift til å legge i hylla.

Dette ynskjer vi skal ligge i skiftekurven:

  • Body
  • Strømpebukse
  • Truse
  • Sokkar
  • Bukse
  • Genser
  • T- skjorte
  • Kortbukse
  • Solhatt/ caps
  • Tynn lue
  • Regnklede, støvlar og dress. Lurt å starte med ein vårdress i august, fint om den tåler litt vatn. 

Dette er klede som er praktiske når barnet byrjar i august. Deretter må ein følge med på veret og temperaturen og ta med varmare klede når det trengs.

Fann du det du leita etter?