Viktig informasjon om koronavirus

Sjukdom

På grunn av smittefare skal ikkje sjuke barn vere i barnehagen. Hugs å gje beskjed til barnehagen viss barnet er sjukt. Etter sjukdom skal barnet haldast heime til det er friskt nok til å vere ute.

Klikk for stort bilete

 

 

 

De som foreldre må vurdere barnet sin allmenntilstand og smittefaren for dei andre barna og vaksne.

Ved oppkast eller diaré må barna vere heime i 48 timar etter at det har stoppa opp på grunn av stor smittefare.

Medisin: det er foreldra som har ansvar for å gje barna medisin, men viss det er nødvendig kan personalet gjere det. Då må det fyllast ut eit medisinskjema.

For meir informasjon om sjukdom og smitte, les folkehelseinstituttet sine anbefalingar.