Ferie

Barna må ha fire veker ferie i løpet av barnehageåret. Tre av desse vekene skal vere samanhengande om sommaren, i forbindelse med at barnehagen er stengt dei to siste vekene i juli, veke 29 og 30. Den fjerde veka kan tas når de måtte ynskje. Den kan delast i enkeltdagar.

Klikk for stort bilete

For at fri skal reknast som ferie, må me ha beskjed seinast ei veke i forkant. Det kjem lister med eigne fristar i forbindelse med haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie og sommarferie.

Me er avhengig av oversikt over når barna tek ferie for å kunne planleggja ferie og eventuelt avspasering for personalet.

Skjema for å melde om ferie kan de få av personalet på avdelinga, eller de kan laste det ned her. Ferieskjema. (DOC, 291 kB)

Fann du det du leita etter?