A
Adresse
Motlandshagen 54365 Nærbø
Allergiar
Informer om allergiar som barnet ditt har. Det er viktig at me får vite om allergiar, slik at me kan ta hensyn og forholdsreglar, til barnet sitt beste
Arrangement
På felles arrangement som f.eks. påskefrukost og haustkafé, har foreldre ansvar for eigne barn.
Arbeidsmiljø
Alle treng eit godt arbeidsmiljø, både liten og stor. Eit godt fysisk og psykososialt miljø fremmar helse, trivsel og læring. Barn har eit naturlig forhold til humor og glede, som dei vaksne må lære dei å ta vare på og utvikle vidare. Barna har ein egen forskrift for miljøretta helsevern i barnehagen. Avdelingar
Barnehageåret 2022/2023 har me 6 avdelingar med totalt 106 barn.
Rød avdeling: 13 barn i alderen 1-2 år.
Gul avdeling: 14 barn i alderen 1-2 år.
Blå avdeling: 19 barn i alderen 3 år.
Grøn avdeling: 18 barn i alderen 2-3 år.
Lilla avdeling: 18 barn i alderen 4-5 år.
Oransje avdeling: 18 barn i alderen 4-5 år.
B
Barnehageportalen
Endring av barnehagetilbodet gjer ein på Hå kommune si heimeside, via «Barnehageportalen».
Barnevernet
Barnehagen har meldeplikt og opplysningsplikt til barnevernet. Barnevernet har ein fast kontaktperson som rettleiar i barnehagen sitt ressursteam. Barnevernstjenesten er ein ressurs som både foreldra og barnehagen kan nytta seg av.
Betaling
Alle betaler for 11 månader. Juli er betalingsfri. Sjå kommunale vedtekter. Link til kommunale vedtekter ligg på heimesida.
Bleier
Dersom barnet bruker bleier, så er det foreldre/føresette som har ansvar for å ta dette med i barnehagen. Me liker best «teipbleier».Me gir beskjed når det er tomt for bleier her i barnehagen.
Brukarundersøking
Felles brukarundersøking for kommunen. Undersøkinga er elektronisk og utførast på nettet. Foreldre får kode av personalet i barnehagen, som dei loggar seg inn med. Brukarundersøkinga er anonym. Me håpar på høg svarprosent då tilbakemeldingane i undersøkinga er viktig med tanke på vårt vidare arbeid og utvikling.
Bursdagsfeiring
Me feirar barna sin bursdag på sjølve dagen, eller nærmaste dag dersom den faller på ein helge-/hellig-/feriedag. Me lagar krone saman med barnet, heng opp flagget og har bursdagssamling.
C
Celcius
Me er stort sett ute i all slags vær, så ha alltid liggande gode klede som passar været. Dei foreldra som ønskjer å bruke kuldekrem tar dette med og me smørar barna. Husk å merke kremen med namn. Er det veldig varmt ute, er me inne delar av dagen for å unngå overoppheting, og for å verne barna frå den sterkaste sola.
D
Dokumentasjon
Den viktigaste pedagogiske dokumentasjonen er dialogen mellom føresette og personalet i garderoben. Me dokumenterer og på Visma og på Facebooksida. Periodeplanane fortel om kva barna skal oppleve, erfare og læra i ein periode.
E
E-post
Styrar: lhhe@ha.kommune.no
Ass. styrar: anjanormann.bjorheim@ha.kommune.no
Barnehagen: post.motlandsmarka.barnehage@ha.kommune.no
F
FAU
FAU er foreldra sitt arbeidsutval. Alle foreldre i barnehagen er medlemmer av foreldrerådet. Foreldrerådet vel eit arbeidsutvala, FAU, desse 7 personane fungerer som eit styre for foreldrerådet. 3 i FAU og 3 fra barnehagepersonalet sitter i SU (samarbeids utvalet). Namn på medlemane finns på heimesida.
Ferie
Barnet skal ha minimum 5 veker ferie i løpet av barnehageåret (15.08.2021.-14.08.2022). 3 av vekene skal vera samanhengande i perioden 1. juni – 15. august. Barnehagane i Hå har feriestengt i veke 29 og 30. Planleggingsdagane kan reknast som ferie.Resten av ferien kan delast opp i enkeltdagar om ein ønskjer det. Alle feriedagar må leverast på Visma seinast ei veke i førevegen. I feriar er fristen ofte tidlegare. Ein kan ikkje søka om feriedagar i ettertid. F.eks. viss foreldre ringer til barnehagen og seier at barnet skal ha fri same dag, tel ikkje dette som feriedag. Me forsøker alltid å ta ut ferie og avspasering for personal når barn har fri. Det er for å ha best mogleg personaldekning. Derfor er det veldig viktig at de føresette gir tidleg beskjed om ferie og fri for barna.
Foreldresamtalar
Me har to foreldresamtalar i løpet av året. Ein på hausten og ein på våren. Det er sjølvsagt mulig å ta kontakt med personalet om det er behov for fleire samtalar.
Foreldremøte
Me har to foreldremøter for alle foreldre i løpet av året. Eit på hausten og eit på våren.I juni blir det holdt eit eige foreldremøte for «nye» foreldre, som har barn som begynner i barnehagen til hausten.
Forsikring
Barna er forsikra så lenge dei er i barnehagen. Forsikring gjeld og på vegen til og frå barnehagen. Sjå kommunale vedtekter. Link er til kommunale vedtekter på heimeside.
Fotografering
Nokre år har me fotograf på besøk. Det er frivillig om ein vil kjøpe bilete.
Førskuleklubb
Dei eldste barna i barnehagen går i førskuleklubb. Fokuset her er at barna skal bli best mulig førebudde til skulestart. Den viktigste førebuinga er å få positive sosiale erfaringar og eit godt sjølvbilete.
G
Gruppeinndeling
Me har ulike gruppeinndelingar ut ifrå kva me skal gjera. Av og til blir det aldersinndelte grupper, andre gonger er det aldersblanda grupper. Leikegrupper er mindre grupper med nokre barn og ein vaksen. Desse gruppene er ein fin plass for å skapa gode samspelserfaringar.
H
Henting og levering
Me ynskjer at foreldre/føresette snakkar med ein ansatt i barnehagen når dei leverer og hentar barna i barnehagen, slik at me er sikre på at me får registrert at barnet har kome eller gått for dagen. Denne dialogen er og viktig for at barnet sin trivsel i barnehagen.
Høgtider
Me markerer fleire høgtider i barnehagen. Dette informerer me om i forkant.
Heimeside
Alle barnehagar i kommunen har si eiga heimeside. Der ligg månadsplan, nyheiter, planar og anna nyttig informasjon. Motlandsmarka sin adresse er www.ha.no/motlandsmarka.
Helsestasjonen
Me har samarbeid med helsestasjonen. Helsestasjonen er representert med helsesøster i ressursteamet.
I
Informasjon
Me gir og får informasjon ved å kommunisere på ulike måtar. Dagleg kontakt er det vanligaste hos oss, elles er det Visma, periodeplan, heimeside, mail, sms, foreldresamtalar og skriv. Me ønskjer at føresette held seg oppdatert på informasjon frå barnehagen.
K
Klede
Barna sine klede må merkast med namn. Då er det lettare å halde oversikten. Barna må ha liggande minst eit sett med ekstra klesskift i barnehagen. Klede tilpassast årstida.
Kostpengar
Alle betaler månadleg eit fast beløp for kost i barnehagen. Dette varierer ut frå kor mange dagar barna går i barnehagen.For full plass betaler ein 350 kr.
Kosthald
Me er ikkje ein sukkerfri barnehage, men ein matbevisst barnehage. Me vektlegg eit sunt kosthald, og forsøker å halde oss til sunn mat i barnehagen.
Kjøp av dagar
Det er moglegheit for å kjøpe enkeltdagar eller veker viss barnehagen har kapasitet til det. Priser for kjøp av dagar/veker: sjå www.ha.kommune.no.
L
Leiker
Nokre leiker/kosedyr etc. er eit trygghetsobjekt for barn. Merk med namn.
M
Medisin
Dersom barnet har bruk for medisin mens det er i barnehagen, skal det fyllast ut eige medisinskjema. Medisinskjema må vera utfylt for at personalet i barnehagen skal kunne gi medisin til barnet. Barnehagen ønskjer i utgangspunktet å ha minst mulig ansvar for medisinar.
Måltid
Me har tre måltider i barnehagen. Alle måltida blir laga i barnehagen. Barna treng ikkje å ha med matpakke heimefrå. Frukost kl. 07.30 - 08.15.Lunsj kl.10.30. Mellommåltid m/frukt kl.13.30.
Månadsplan/periodeplan.
Kvar avdeling har enten månadsplan eller periodeplan der det informerast om aktivitetar/planer. Me ønskjer å gi rom for spontanitet, barn si medverknad og barn sin medbestemming. Det vil derfor ikkje alltid stå eit opplegg på planen. Månadsplan blir lagt ut på barnehagen si heimeside.
N
Nærmiljø
Me held til veldig sentralt på Nærbø. Bruker nærmiljøet til turar, oppdagingar, undring, leik og læring.
O
Opphaldstid
Maksimal opphaldstid for det enkelte barn er 45t pr veke. Dette er retningslinjer frå Hå kommune.
Opptak
Søknadsfristen for hovudopptaket i barnehagen er 1.mars. Søknadsskjema finn de på Hå kommune sine nettsider, under barnehage. Barn som ikkje har fått plass blir sett på venteliste. Barn som har fått plass i ein annan barnehage enn dei har søkt på, kan fortsett velga å stå på venteliste i barnehagen som var 1. prioritet. Barn som har fått plass, beheld den til dei begynner på skulen, eller til dei seier opp plassen. Ved flytting ut av kommunen, mister ein plassen.
Oppseiing
Oppseiing av barnehageplass blir gjort på kommunen si heimeside. Oppseiingstida er 1 månad, gjeldande frå den 1. eller 15. i kvar månad. Seier ein opp etter 1.april må ein betale ut barnehageåret.
Overgangsobjekt
Det å begynne i barnehagen kan vera ein stor overgang for dei fleste barna. Mykje nytt: barn, vaksne, regler og rutinar. For nokre barn kan det derfor vera trygt og godt å ha med seg noko kjent og kjært heimefrå. Som for eks. ein bamse, eit bilete, tutt, kosekluten – noko barnet har eit forhold til. Dei som har eit slikt «overgangsobjekt» tar dette med, så det kan hjelpe barnet i oppstartinga i barnehagen.
P
Planleggingsdagar
Barnehagane i Hå har 5 planleggingsdagar i året. Desse dagane er barnehagen stengt. Oppdaterte dagar står på heimesida.
PPT
Pedagogisk psykologisk teneste er eit fagleg organ som skal sikre at barn og unge som treng særskilt hjelp og støtte, får gode opplærings- og utviklingsmuligheiter.PPT har ein fast kontaktperson som sit i barnehagen sitt ressursteam.
Porten
Portane skal alltid vera lukka i barnehagen sine opningstider. Lukk alltid porten etter deg, og fest lenka. Me har ingen barn å miste!
Politiattest
Alle tilsette, både faste og vikarar, må skaffe seg vandelsattest frå Politiet før dei får tilsetting i kommunen.
R
Rammeplanen
Rammeplanen er barnehagen sitt arbeidsreiskap og beskriver barnehagen sitt innhald og oppgåver. Målet med rammeplanen er å gi styrar, pedagogiske leiarar, og det øvrige personalet ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehagen. Rammeplanen gir og informasjon til foreldre, eigarar og tilsynsmyndighet.
Rydding
Det er ønskeleg at alle barn er med og ryddar leiker før dei går heim for dagen. Fint om de er med og hjelper oss med dette.
Ressursteam
Målsettinga for teamet er tidlig innsats og førebyggande arbeid, og gi råd vedrørande tiltak for barn og unge frå 0 - 16 år. Dette gjeld både fysiske, psykiske, språklege og sosiale områder. Foreldre kan og nytta ressursteam til å få hjelp i utfordringa ein står i. Meld i frå til ped.leiar eller styrar om du ønskjer det.
S
Samarbeidsutvalet (SU)
SU består av valgte foreldre, ansatte i barnehagen og eigar (politikar), slik at kvar gruppe er representert. SU behandlar saker som vedgår barnehagen si drift og det pedagogiske arbeidet.
Samtykke
Me har eit skjema som spør om samtykke i forhold til bilete, buss, bil m.m. Dette MÅ alle foreldre fylle ut når dei søker om plass i barnehagen. Dette ligg under barnehageportalen. I tillegg ønsker me at alle oppdaterer samtykke på Visma.
Sikkerheitsrutinar
Me tenker sikkerheit i alle situasjonar her i barnehagen og har eigne rutinar som gjeld f.eks. ute på tur.
Skule
Me har eit godt samarbeid med skulane i Hå. Førskulebarna drar på skulebesøk på våren, det året dei skal starte på skulen. Dei ulike skulane sender ut invitasjon til førskulebarna/føresette om skulebesøk.
Soving
Barna søv på feltsenger inne på soverom. Barnehagen har feltsenger, madrassar og dyner/tepper. Nokre barn søv i vogn.
Sjukdom
Gi alltid beskjed når barnet er sjukt. I utgangspunktet er det allmenntilstanden som avgjer om barnet bør vera heime frå barnehagen. Smittefare bør og ha betyding når de vurderer om barnet kan gå i barnehagen. Er de usikre, ta gjerne ein telefon på førehand. Blir barnet sjukt i barnehagen tek me kontakt med foreldre/føresette. Hovudregelen er at barn skal ha ein allmenntilstand som gjer at dei kan ha det bra i barnehagen.
T
Taushetsplikt
Personalet i barnehagen har skrevet under på taushetsplikt-skjema som sikrar foreldre og barn at personlige og private forhold blir haldt innanfor barnehagen.
Telefon
Motlandsmarka barnehage 51 43 69 00
Rød avdeling 992 14 839
Blå avdeling 992 14 843
Oransje avdeling 992 14 841
Gul avdeling 992 14 861
Grøn avdeling 994 33 970
Lilla avdeling 992 14 842
Styrar 992 14 803
Assisterande styrar 992 14 870
Turar
Me er ofte på tur i nærområdet som fugleparken, Jærmuseet, leikeplassar, Klokkarskogen, brannstasjonen og andre bedrifter.
Tilvenning
Alle barn skal ha minimum 5 dagar med tilvenning når dei begynner i barne-hagen. Barna reagerer veldig ulikt når dei begynner i barnehagen, nokre treng lenger tid før dei er trygge enn andre. Tilvenningen starter på våren med besøksdager, oppstartssamtaler og foreldremøter. Det er viktig at både barnehagen investerer god tid til tilvenningen for barnet skal få en trygg og god start i barnehagen.
U
Ulykker
Kommunen har forsikring på alle barn som går i barnehagane. Sjå kommunale vedtekter. Link til kommunale vedtekter ligg på heimesida.UtetidMe er ute i all slags vær. Barna må ha klede som er tilpassa været og årstida i barnehagen.
V
Verdiar
Motlandsmarka barnehage har viktige verdiar me jobbar etter. Omsorg og Tryggleik, Likeverd og Raushet, Leik og Glede.
Visjon
Motlandsmarka sin visjon er «Saman om ein god barndom».
W
WWW
Me er på nett: www.ha.kommune.no/motlandsmarka
Å
Åpningstider
Barnehagen er open kl. 06.45-16.15. Husk å berekne tid til påkledning, barnehagen stenger kl.16.15. Barnehagen er stengt julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før Skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00. Barnehagen har 5 plandagar i året, og er då stengt. Datoane finn du på nettsida.
Årsplan
Sjå nettsida vår.