Viktig melding

Lukk meldinga

Bjorhaugslettå / Bjorlandsmarka

Dronefoto Bjorhaugslettå. Foto - Klikk for stort bilete

Her har Hå kommune cirka 20.000 m2 nytt og rimeleg næringsareal som vert lagt ut for sal.

Næringsområdet blir opparbeidd med vegar, vatn, avløp og nødvendig infrastruktur. Her kan arbeidsintensive bedrifter kjøpa næringstomter. Det er lagt opp til ei fleksibel tomteinndeling for å imøtekoma bedriftene sine behov og ønske om arealstorleik på tomtene.

Ønsker du meir informasjon om området sjå kart og føresegner på denne sida, eller ta kontakt for meir informasjon.

Nærbø har eit svært aktivt næringsliv. Her finn du innovative bedrifter innanfor oljerelatert verksemd, landbruk, bygg og anlegg.

Nærbø har gode samband til regionen. Med tog kjem du til Stavanger og Sandnes på under 30 minutt. Til Egersund tek det cirka 20 minutt. Det er òg gode vegsamband via fv44 og E39 til området.

Området består av fleire næringsområde som er utbygde over tid, til eit samla næringsområde. Krusemarka er det nye regulerte næringsområdet som blir bygd ut her.

 

Kart over næringsområdet. Illustrasjon - Klikk for stort bilete

 

Dronefoto Bjorlandsmarka. Foto - Klikk for stort bilete

 

    

Kartpunkt

Kart