Føremålet med endringa er å inkludere areal for mellombels anleggsveg og anleggsarbeid, samt sikre areal for ny ledningstrasé til Jærledningen i reguleringsplanen. Anleggsområda skal regulerast til «bestemmelsessone» med underkategori «mellombels bygge- og anleggsområde». Ledningstraséen skal regulerast med sikringssone.
Endringa syner ledningane under bakken og areal som kan disponerast ved utbygging.
Anleggsvegen skal ikkje ha direkte påkobling til Hålandsvegen.
Alt areal utanom sjølve vassforsyningsanlegget med tilhøyrande infrastruktur og eksisterande tilkomstveg skal ha hovudføremål LNFR.
Frist for å koma med innspel er 15.11.2019.
Du kan senda kommentarar til: Asplan Viak v/Ingrid Høymer-Fossan, Østervågkaien 1A, 4006 Stavanger
eller til ingrid.fossan@asplanviak.no med kopi til Hå kommune; teknisk@ha.kommune.no