Viktig melding

Lukk meldinga

Oppstart detaljregulering - Plan 1006-2 Høgahatten, Sirevåg sentrum

Klepp Prosjektering AS varslar at dei set i gang arbeidet med detaljreguleringsplan for Høgahatten, Sirevåg i Hå kommune, i medhald av plan- og bygningslova §12-8.

Planområdet er på ca. 20,3 daa og ligg på ei lita høgd ovanfor vegen Vågen og jernbanestasjonen, i sentrum av Sirevåg. Terrenget er kupert og består av fjell og krattvegetasjon utanom enkelte hageområde nær bustadane. Fjellknausane deler opp området i fleire landskapsrom. Det er i dag fleire einebustader innanfor planområdet.

Formålet med planen er å leggja til rette for frittliggjande småhusbebyggelse og konsentrert småhusbebyggelse med tilhøyrande infrastruktur og uteopphaldsareal.

Kommunen har konkludert med at det ikkje blir stilt krav om konsekvensutgreiing.  Planleggjingsarbeidet skal utførast av Klepp Prosjektering AS.

Dette er og varsel om igangsetjing av forhandlinger om utbyggingsavtale for det aktuelle området, i medhald av pbl §17.

Gjeldande plan i området er Områdeplan 1006 Sirevåg sentrum, vedteken 20.12.2007. Den varsla detaljreguleringa vil gjelde foran denne ved evt. egengodkjenning i kommunestyret.
Når det har utarbeida eit planforslag, blir dette lagt ut til offentleg ettersyn slik at det blir nytt høve til å gi innspel, til eit konkret forslag.
Sjå og saksgang ved regulering (PDF, 154 kB) for meir informasjon. 

 

Referat frå oppstartsmøte og planinitativ
I oppstartsmøtet 23. mai 2018 (PDF, 743 kB), mellom kommunen og utførande planleggjar blir viktige premiss for reguleringsarbeidet lagt.
I planinitiativet (PDF, 733 kB)skildrar planleggjar bakgrunn og formål for planen, og problemstillingar dei vil drøfte i oppstartsmøtet.


Har du innspel og merknader til planarbeidet?
Merk dei med med plannummer 1006-02 Høgahatten og send til: 

Klepp Prosjektering AS, Orstadvegen 112, 4353 Klepp st.
eller på e-post til:  oddvar@klepp-prosjektering.no

med kopi til: 
Hå kommune, postboks 24, 4368 Varhaug,
Eller på e-post til:  teknisk@ha.kommune.no

Innan  fredag 28. september 2018.

 

Gjeldande plan i området, Områdeplan 1006 Sirevåg Sentrum
Reguleringsplankart (PDF, 4 MB)
Reguleringsbestemmelser (PDF, 50 kB)

 

Har du spørsmål om planarbeidet?
Ved spørsmål eller kommentarar, ta kontakt med Klepp Prosjektering AS v/Oddvar Mellemstrand
E-post oddvar@klepp-prosjektering.no  Tlf: 51 78 91 50

Eller kommunens saksbehandler Rolf Aleksander Svensen Mellgren.
E-post: rasm@ha.kommune.no  Tlf: 51 79 31 35

 

Oppstart av planarbeidet blir varsla i samsvar med plan- og bygningsloven §§ 12-3, 12-8 og 12-14.