Viktig melding

Lukk meldinga

Offentleg ettersyn: Reguleringsendring A, Plan 1052, Reguleringsplan for fv44 parsell kryss ved Grødaland

Kommunestyret i Hå kommune vedtok i møte 03.09.2020 å fremje planendringa og leggje den ut til offentleg ettersyn.

 

KS- 057/20 Vedtak:

1. Utval for tekniske saker og næring fremjar saka og ber Rådmannen leggje planendringa ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova § 12-10.

2. Rådmannen skal før sluttbehandlinga i Kommunestyret sørgje for at innhaldet i planen og framstillinga av han blir digitalisert og kvalitetssikra, og at eventuelle mindre suppleringar og justeringar blir gjorde.

Bakgrunn for vedtak i kommunestyret, var at likelydande vedtak (UTN – 098/20) i Utval for tekniske saker og næring 20.08.2020 vart anka til Kommunestyret. Utskrift av møtebok med alternative forslag og røysting framgår av saksprotokoll (dok. «Plansak…»), politisk diskusjon framgår av opptak i KommuneTV.

Om planforslaget

Forslag til reguleringsendring A, Plan 1052, Reguleringsplan for fv44 parsell kryss ved Grødaland er utarbeida av COWI AS på vegne av Hå kommune. IVAR IKS er og involvert som utførande part, i det dei har eit rekkjefølgjekrav knytt  til anlegget på Grødaland.

Formålet med planforslaget er å endre gjeldande reguleringsplan for å sikre gyldig plangrunnlag for utbygging av trafikksikringstiltak ved kryss til Grødaland næringsområde. Gjeldande reguleringsplan viser ei passeringslomme som, i følgje gjeldande vegnorm N100, har for kort  overgangssone for breddeutvidinga.

Planområdet er på 8 dekar og er i hovudsak regulert som landbruksområde og veganlegg.
Planforslaget går ut på å regulere for byggjing av oppmerka venstresvingfelt med tilhøyrande areal - grøft/vegkant, evt. støyskjerm, gang- og sykkelveg, nettstasjon og åtkomst til denne. Utviding av vegareal er i hovudsak lagt på austsida av noverande veg.

 

Plandokument
Alle plandokument kan hentast i møtekalenderen på heimesida til kommunen, www.ha.no.

Papirkopiar av plandokumenta, eller komplett oversending kan du få ved å kontakta sakshandsamar.

 

Korleis kan eg koma med innspel?
Du kan senda innspel merka med: Plan 1052A , til e-post:
teknisk@ha.kommune.no  , eller til postadresse:
Hå kommune, Rådhusgata 8 , 4360 Varhaug

Innan frist 26. oktober 2020.

Korleis vert innspela brukt?
Alle innspela vert vurdert ved neste behandling av planen. Det kan gjerast mindre endringar i planforslaget som ein konsekvens av innspela, og ved større endringar kan det vere aktuelt å leggja planen ut til nytt offentleg ettersyn.

Kven kan eg kontakta ved spørsmål?
Sakshandsamar i Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren.

E-post: rasm@ha.kommune.no   Tlf: 51 79 31 35

 

 

 

 

Teknisk plan viser vegoppmerking (svak gul strek)

 

 

 

 

 

 

 

 

Varsla planområde