Viktig melding

Lukk meldinga

Offentleg ettersyn for detaljregulering, Plan 996B-1

Utval for tekniske sakar og næring vedtok i møte 29.08.2017 å leggja Plan 996B-1 Detaljregulering Nærbø sentrum øst, Bjorhaugvegen 2 gnr 25 bnr 13, ut på høyring, med ein merknad om breidd på Bjorhaugvegen.

996B-1 planomriss

Kva betyr dette?

Plank arkitekter AS har utarbeida eit planforslag for gnr 25, bnr 13 på vegne av Kilehaugen AS. Forslaget legg til rette for eit fortettingsprosjekt med fire bueiningar på tomta, som i dag består av ein einebustad. Tomten er på på 848m2 og ligg sentralt på Nærbø, nær togstasjon og sentrum. 

Ei utbetring av krysset Bjorhaugvegen/Jernbanevegen inngår og i planen. Det blei varsla oppstart for planen 13.06.2016.

Utval for tekniske sakar og næring vedtok i møte den 29.08.2017, å leggja planforslaget ut til offentleg ettersyn for å gje berørte partar anledning til å koma med innspel.
 
Sjå vedlagte saksdokument for meir informasjon. 
 
Dokument
 
Gjeldande plan for området fram til evt. vedtak, er 996B Nærbø sentrum øst. 
 
 
Korleis kan eg koma med innspel?
 
Du kan sende innspel merka med plannamn: Plan 996B-1 Detaljregulering Nærbø sentrum øst, Bjorhaugvegen 2 gnr 25 bnr 13 , til e-post: teknisk@ha.kommune.no, eller til postadresse: 
Hå kommune
Tekniske saker og næring
PB 24
4368 Varhaug
 
Innan fredag 13. oktober 2017
 
 
Korleis vert innspela brukt?
 
Alle innspela vert vurdert ved neste behandling av planen. Det kan gjerast mindre endringar i planforslaget som ein konsekvens av innspela, og ved større endringar kan det vere aktuelt å leggja planen ut til nytt offentleg ettersyn. 
 
Kven kan eg kontakta ved spørsmål?
 

Sakshandsamar i  Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren                                                  Epost: rasm@ha.kommune.no Tlf: 51 79 31 35