Viktig melding

Lukk meldinga

Ny avgrensa høyring og offentleg ettersyn, Plan 1038-1 Detaljregulering for Reiestadmarka

Som følgje av klageavgjerd hjå Fylkesmannen i Rogaland blir planforslaget sendt ut til ny avgrensa høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.
Planen vart godkjent i kommunestyret 13.12.2018, men dette vedtaket er oppheva av Fylkesmannen.

  
 

Fylkesmannen oppheva i brev av 25.09.2019 kommunestyret sitt vedtak:
«Fylkesmannen finn at endringane i planforslaget samla sett er av eit slikt omfang at det er nødvendig at saka på ny blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn etter pbl. § 1210, jf. § 12-12. Av særleg betydning er endringa ved at område BKS10 er teken inn i eit område som tidlegare var avsett til andre arealføremål og som i det vesentlege var meint å vera fri for byggverk. Endringane vil også kunne ha ein annan påverknad for bruken av friområdet som er meint for allmenta. Fylkesmannen kan ikkje utelukka at manglande moglegheit for berørte høyringsinstansar, rettshavarar og allmenta til å uttala seg til endringane kan ha virka bestemmande for planvedtaket sitt innhald, jf. fvl. § 41. I den samanheng viser me til at også kommunen i si klagesaksbehandling har uttrykt at naboar burde ha fått kopi av endringane i planforslaget som blei sendt på avgrensa høyring 8.7.2019.»   

Endringane som er gjort sidan forrige høyring til og med endring B, blir med dette lagt ut til offentleg ettersyn.

Endringar sidan forrige høyring

  • Bustadblokk BBB6 er tatt ut av planen og erstatta med rekkehus (BKS10 og BKS11)
  • Leikeplass BLK7 er flytta mot sør inntil Leksaren
  • Utforming av leikeplassane BLK1 noko endret, rekkefølgekrav lagt til, BLK3 utvida
  • Byggjelinje flytta og støyskjerm innteikna mot fv 504, utvida hensynssone smie/løe
  • Føresegner er revidert, endringar er merka med farge.
  • Renovasjonspunkt BRE2 og BRE3 og parkering SPA6 er flytta
  • Nettstasjon BKT2 er flytta

Saksgang

  • Utval for tekniske saker og næring vedtok i møte 12. desember 2017, å ta plan 1038-1 Detaljreguleringsplan Reiestadmarka opptil behandling, og leggja den ut til offentleg ettersyn.
  • Ved offentleg ettersyn vart det fremja motsegn frå Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland Fylkeskommune og Statens Vegvesen.
  • Planforslaget vart revidert og sendt til dei på begrensa høyring for å imøtekomme motsegnene.
  • Fylkesmannen og Fylkeskommunen trakk sine motsegner utfrå dette forslaget.
  • Planforslaget vartvidare bearbeida på detaljnivå langs fv 504 Varhaugvegen, slik at Statens Vegvesen sine motsegner vart imøtekomne.
  • Planen vart 2. gongsbehandla i utval for tekniske saker og næring, og lagt fram for kommunestyret for eigengodkjenning 13.12.2018.
  • Etter kunngjering av godkjent plan vart det oppdaga at utdatert versjon av plankartet vart godkjent. Skilnaden var endringar av byggjelinje og støyskjerm iht. motsegn frå Statens Vegvesen. Dett vart retta opp med delegert reguleringsendring A 21.03.2019.
  • Det kom ein klage på planen som omhandla høgder på rekkjehusfelt BKS10 og plassering av nettstasjon BKT2, og manglande merknadsbehandling av denne.
  • Klagen vart tatt dels til følgje i møte i utval for tekniske saker og næring 11.04.2019, høgde vart redusert i endring B, medan klaga på nettstasjonen forutan føresegn om måling av stråling vart sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.
  • Fylkesmannen oppheva i brev av 25.09.2019 kommunestyret sitt vedtak.

Saksdokument

(Plankart (PDF, 5 MB)  og føresegner (PDF, 142 kB)  som vart sendt ut ved forrige offentleg ettersyn, til referanse)

Dei øvrige vedlegga som følgjer planen finn du her i arkivsaka for sluttbehandlinga av planen (der vedtaket er oppheva)

Papirkopiar av plandokumenta kan du få i Servicetorget på rådhuset eller ved å kontakta saksbehandlar.

 

Korleis kan eg koma med innspel?
Du kan senda innspel merka med: Plan 1038-1, til e-post: teknisk@ha.kommune.no
eller til postadresse: Hå kommune Tekniske saker og næring PB 24 4368 Varhaug

Innan merknadsfrist 17.11.2019.

 

Korleis vert innspela brukt?
Alle innspela vert vurdert ved neste behandling av planen. Det kan gjerast mindre endringar i planforslaget som ein konsekvens av innspela, og ved større endringar kan det vere aktuelt å leggja planen ut til nytt offentleg ettersyn.
Innspela som kom inn ved forrige offentleg ettersyn (og begrensa høyring til partar med motsegn), blir tatt med i sluttbehandlinga av planen.

 

Kven kan eg kontakta ved spørsmål?
Saksbehandlar i Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren.
E-post: rasm@ha.kommune.no  Tlf: 51 79 31 35

 

 Over: Nytt og opphavleg planforslag lagt over kvarandre for å synleggjere endringar i søre del
Under: Utsnitt av endringar i nordre del