Viktig melding

Lukk meldinga

Kunngjering av vedteken detaljreguleringsplan, Plan 1038-1 Reiestadmarka, Varhaug

Kommunestyret i Hå kommune vedtok 13. desember 2018 å eigengodkjenne planen.

 

OBS: Endring av vedtatt plan under arbeid

Ved ein inkurie vart feil revisjon av plankartet lagt ved saken om godkjenning av planen. Det er difor vedteke/godkjend feil revisjon av plankartet for Plan 1038-1 i Kommunestyret 13.12.2018. Statens Vegvesen gjorde kommunen merksam på dette i epost 08.01.2018.

Den godkjente revisjonen av plankartet, datert 25.10.2018, var ikkje tilstrekkeleg tilpassa Fylkesveg 504 med byggegrensa, som Statens Vegvesen hadde motsegn om. Motsegna vart trukke med bakgrunn i siste revisjon av plankartet, datert 06.11.2018, som difor skulle vore lagt fram til godkjenning framfor den tidligare revisjonen. Samstundes vart plassering av mogleg støyskjerming innteikna i plankartet, som Statens Vegvesen gav fagleg råd om. Denne siste revideringa skulle og vore meir utfyllande omtalt i saksframlegget.

Dette blir no retta opp gjennom ein mindre reguleringsendring, revisjon A. Endringa er sendt til uttale til Statens Vegvesen og dei 4 berørte grunneigarane, med kopi til tiltakshavar, Fylkesmannen og Fylkeskommunen. Rådmannen vil etter planen vedta endringa administrativt 1. februar.
Det er kun plankartet som er endra, planføresegnene og vedlagte dokument til saken 13.12.2018 er uendra. Sjå under for dei konkrete skilnadane:

Øvst: Utsnitt vedteke plankart, rev. 25.10.2018. Nedst: Utsnitt rett plankart, rev. 06.11.2018

Vedtaket (sak 089/18):
1. Plan 1038-1 Detaljregulering for Reiestadmarka med tilhøyrande reguleringsføresegner, blir eigengodkjent med heimel i plan- og bygningslovas § 12-12.
2. Del av reguleringsplan 1038 Reiestadmarka m.fl. vedteken 16.02.2006 som ny detaljregulering 1038-1 Reiestadmarka, inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegner, får konsekvensar for, blir oppheva.

Kva tyder dette?
Asplan Viak AS har utarbeida ny detaljregulering for området sør for fv. 504 Varhaugvegen, på vegne av tiltakshavar Reiestadmarka Utvikling AS. 
Kommunestyret (13.12.2018) og Utval for tekniske saker og næring (13.12.2018) har no godkjent planen, slik at den blir grunnlag for utbyggjing i området.

Om detaljreguleringsplanen
Planområdet er på 48 dekar og omfattar i dag i hovudsak dyrka mark og einebustader. Formålet med planen er å leggja til rette for bustadbyggjing, med ein del endringar i høve til delar av gjeldande områdeplan 1038 Reiestadmarka (vedteken 16.02.2006).

Vedteken reguleringsplan legg opp til 154 - 226 bustader, med variert storleik, i form av leiligheter, rekkehus og einebustader. Planen sikrar og overordna gang- og grøntstruktur, åtkomst for gåande til Varhaug sentrum og opparbeiding av rundkøyring i krysset Dysjalandsvegen/Varhaugvegen, gjennom rekkjefølgjekrav. Utforminga av undergang og rundkøyring er del av reguleringsplan for Varhaug sentrum sør, og blir behandla som eigne detaljplanar 1010A-2 og 1010A-3. Det er gjort nokre endringar som følgje av innspel og motsegner mot planen ved offentleg ettersyn.

Saksdokument

00 Saksprotokoll 13.12.2018 (PDF, 3 MB)
01 1038-1 Plankart (PDF, 733 kB)
03 1038-1 Planføresegner (PDF, 194 kB)
03 1038-1 Planbeskrivelse (PDF, 5 MB)

De finn alle 47 vedlegga til sluttbehandling av planen her i møtesaka.
 

Vil du klage på planen?
Det kan klagast på planen, dei med klagerett har fått eige brev i posten. Klagen må begrunnast og sendast innan 24. januar 2019. Klagen må merkast med Plan 1038-1 Reiestadmarka, stilast til Fylkesmannen i Rogaland , men sendast til Hå kommune:
Hå kommune 
Tekniske saker og næring 
Postboks 24 
4368 Varhaug

eller epost : teknisk@ha.kommune.no

Korleis vert klaga behandla?
Klagen vert behandla i kommunen, får du medhald i klagen vert du kontakta av administrasjonen for vidare saksgang. Ved avslag sendes den vidare for endeleg avgjering hjå Fylkesmannen.

Ynskjer du meir informasjon?
Kontakt saksbehandlar i  Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren                                                  
Epost: rasm@ha.kommune.no Tlf: 51 79 31 35

Du kan finna meir informasjon om klagebehandlinga i dette skjemaet. (PDF, 84 kB)