UNG SOMMAR - 2021

Klikk for stort bileteMe ønsker at sommaren skal bli god. Me håper Ung sommar kan bidra til det. Alle tilboda er gratis. Hå kommune - best i fest!

Tilbodet blir tilpassa smitteverntiltaka som gjeld. Regjeringa har åpna for at det gis unntak fra 1-meterskravet for: personar under 20 år som deltek på sommerskole, sommarleir, aktivitetsleir, kulturskule, leirskule og andre skulelignende fritids- eller ferietilbud, samt dei som står for arrangementet.

 

PÅMELDING TIL SOMMARAKTIVITETAR

LEDIGE PLASSER PR 2.AUGUST

UNG I JULI: FANGENE PÅ FORTET 29. juli
SURFSCHOOL (barn/ungdom)
JÆREN FRILUFTSRÅD: LIVET I STRANDKANTEN (10 - 13 år)
GRØNEFED: OGNALEIKANE (1. - 3. KLASSE) - 4. august

- På enkelte aktiviteter/dager er det nå fullt. Man kan allikevel søke for å stå på venteliste
- Alle som skal på "barn i juli" må ha med seg "registreringskjema" (PDF, 297 kB)

Barn i juli og Ung i juli treng ikkje påmelding.

Dei fleste andre aktivitetane må du søke plass til med elektronisk søknadsskjema. Dette skjemaet har vi sett opp for at me enkelt skal kunne sende sms eller e-post til deltakarar og foreldre ved endringar og liknande.

Alle oppgitte klassetrinn er klassetrinn elevane startar i hausten 2021.

Barn som treng tilrettelagde fritidsaktivitetar er også velkomne med følge. Tilrettelagt fritid har også eigne aktivitetar. Dei finn du her.

Det er føresatte som må søke plass.

⇒ ‼️ Første gongen du søker ein plass vel du NY ELEV

Etter at du har oppretta profil kan du logge inn med minID for å søke plass på fleire aktivitetar. 

PÅMELDING  /  INNLOGGING TIL UNG SOMMAR 

INFORMASJON TIL DEG SOM HAR FÅTT PLASS

BARN I JULI - Måndag til fredag i heile juli

 

FOR KVEN: Barn frå heile Hå, frå dei som startar i 4.klasse til hausten til dei som skal starte i 7.klasse. Kor i Hå du bur har ingenting å seie for kor du møter på Barn i juli. Kom den veka eller dei vekene det passar for deg. Kom ein eller fleire dagar. Me har mange ulike aktivitetar inne og ute, og tilbyr alle gratis mat.

Veke 27: Vigrestad skule 12.00 - 15.00
Veke 28: Ogna skule 12.00 - 15.00
Veke 29: Bø skule 12.00 - 15.00
Veke 30: Varhaug (Lensmannsløa) 12.00 - 15.00

6.august 16.00 - 19.00: Pop-up-dag i Sirevåg

DAGAR: Måndag til fredag 5. - 30.juli
PRIS: Gratis 
PÅMELDING: Nei. Det er bare å møte opp, men ALLE må ha med lapp med kontaktinformasjon for kvar dag. Du kan og bruke denne malen:

Registreringskjema (PDF, 297 kB)

NETTSIDE: www.ha.no/barnijuli
FACEBOOK: Barn i juli

 

 

UNG I JULI - Måndag til fredag i heile juli

 

FOR KVEN: Ungdom frå heile Hå, frå dei som startar i 8. klasse til hausten og opp til og med 18 år. Alle får mat og drikke.

DAGAR: Måndag til fredag i juli frå 1.juli - 30.juli, pluss 6.august i Sirevåg hamn frå 16.00 - 19.00

KOR: Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, Nærbø
KLOKKA: 12.00 - 15.00
PRIS: Gratis 
PÅMELDING: Nei. Det er bare å møte opp
NETTSIDE: www.ha.no/ungijuli
FACEBOOK: Loen Ungdomsklubb  Lensmannsløa ungdomsklubb Ogna Ungdomsklubb

DET GÅR GRATIS BUSS TIL OG FRÅ UNG I JULI

Klikk for stort bileteAvgang Sirevåg stasjon klokka 11.10
Avgang Ogna (Busslomme Ogna skule) klokka 11.15
Avgang Brusand stasjon klokka 11.20
Avgang Vigrestad stasjon klokka 11.30
Avgang Varhaug stasjon klokka 11.40
Ankomst Hå Kulturtorg klokka 11.50

Retur frå Hå kulturtorg klokka 15.10

 

I TILLEGG KAN DU MELDE DEG PÅ:

 

TUR TIL KONGEPARKEN (Frå nye 8. klasse - 18 år)
Gratis buss tur/retur frå Hå kulturtorg, Nærbø

ANTAL: 40

ALTERNATIV 1:  6. juli klokka 09.30 - 17.30 FULLT
ALTERNATIV 2: 13. juli klokka 09.30 - 17.30 FULLT
ALTERNATIV 3: 20. juli klokka 09.30 - 17.30 FULLT
ALTERNATIV 4: 27. juli klokka 09.30 - 17.30 FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

TUR TIL RUSH TRAMPOLINEPARK (Frå nye 8. klasse - 18 år)
Gratis buss tur/retur frå Hå kulturtorg, Nærbø. Du må ha fylt ut eigenerklæring frå Rush

ANTAL: 40

ALTERNATIV 1: 7. juli klokka 12.00 - 15.00 FULLT
ALTERNATIV 2: 14. juli klokka 12.00 - 15.00 FULLT
ALTERNATIV 3: 21 .juli klokka 12.00 - 15.00 FULLT
ALTERNATIV 4: 28. juli klokka 12.00 - 15.00 FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

FANGENE PÅ FORTET (Frå nye 8. klasse - 18 år)
Gratis buss tur/retur frå Hå kulturtorg. 

ANTAL: 40

ALTERNATIV 1: 8.juli klokka 12.00 - 15.00 FULLT
ALTERNATIV 2: 15.juli klokka 12.00 - 15.00 FULLT
ALTERNATIV 3: 22.juli klokka 12.00 - 15.00 FULLT
ALTERNATIV 4: 29.juli klokka 12.00 - 15.00 FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

SURFSCHOOL (barn/ungdom)
I sommarferien kan du få delta ein dag gratis på Surfschool. Alder frå dei som startar i 1.trinn til hausten og til dei som er ferdige på 10. trinn våren 2021. Du må registrere deg på påmeldingsskjemaet til Ung sommar for å få denne gratisplassen.

Det er to forskjellige alternativ:

Drop in klokka 10 kvar dag. Dette er for deg over 12 år. Då kan du surfe til du ikkje gidd meir. Her treng du ikkje melde deg på hjå Surfschool, berre på påmeldingsskjemaet til Ung sommar. Du møter opp den dagen du vil surfe. Surfschool får ei liste med godkjente namn, og vil registrere deg gjennom «Ung sommar».

Opplæringskurs klokka 12.  Maks 8 stk pr instruktør. Alder opp til 12 år saman med ein vaksen – vaksen får då også ei våtdrakt. Er du over 12 år kan du delta utan ein vaksen. I tillegg til at du har registrert deg på påmeldingsskjemaet til Ung sommar, må du ringe og melde deg på hjå Surfschool på førehand, og seie ifrå om at du er ein del av «Ung sommar». 

OBS! Felles for begge alternativ er at du sjølv må finne ut kor oppmøteplassen er. Det varierer på korleis bølgjer, vind og vêr er. Surfschool oppdaterer nettsidene sine slik at du dagleg kan sjå kor dei vil vere. Du må også klare å kome deg til og frå oppmøteplassen sjølv.

NETTSIDE OM TID OG STAD https://surfschool.no/

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

PAINTBALL / RELOAD (FRÅ NYE 8. KLASSE TIL 18 ÅR)
Informasjon kjem

KOR: Ungdomslagsskogen, Nærbø Kart
ANTAL: 20

ALTERNATIV 1: laurdag 17.juli klokka 12.00 - 15.00 FULLT
ALTERNATIV 2: laurdag 24.juli klokka 12.00 - 15.00 FULLT
ALTERNATIV 3: laurdag 7.august klokka 12.00 - 15.00 FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

JÆRMUSEET VITENGARDEN

 

3 SPENNANDE DAGAR PÅ VITENGARDEN (4. - 7. KLASSE)
Tykkjer du det er gildt når skulen din besøker Vitengarden? No kan du bli med på tre innhaldsrike dagar med alt frå kjemieksperiment og lage-aktivitetar til spikking og matlaging på bål. Gratis lunsj inkludert.

KOR: Vitengarden, Nærbø
Påmelding innan 18.06.2021 
ANTAL: 15

ALTERNATIV 1: 29.juni - 1. juli klokka 09.00 - 14.00 FULLT
ALTERNATIV 2: 6. - 8. juli klokka 09.00 - 14.00 FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

PROGRAMMERING (4. - 7. KLASSE)
Visste du at me kan køyre bil med ein micro:bit? Me programmerer micro:biten til å køyre ein bil som heiter bit:bot gjennom ei løype. Kanskje du har køyrt ein slik bil før? Då kan du programmere ein fjernkontroll og fjernstyra bit:boten gjennom løypa. Eller du vil kanskje teikne noko? Du får låne alt av utstyr frå Vitengarden. Me tek ein pause kor me går ut og gjer nokre aktivitetar i løpet av økta. Gratis lunsj inkludert.

KOR: Vitengarden, Nærbø
ANTAL: 8

ALTERNATIV 1: 29. juni: 10.00 - 14.00 FULLT
ALTERNATIV 2: 10. august: 10.00 - 14.00 FULLT
ALTERNATIV 3: 2.juli klokka 10.00 - 14.00 FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

LÆR Å SMI (4. - 7. KLASSE)
Her får deltakarane vere med på å fyre opp i ei gamal smie, smi sin eigen spiker og teste andre ting dei kan lage. Gratis lunsj inkludert.

KOR: Vitengarden, Nærbø
ANTAL: 6
Påmelding innan 18.06.2021 

ALTERNATIV 1: 6.juli klokka 10.00 - 14.00 FULLT
ALTERNATIV 2:
5.juli klokka 10.00 - 14.00 FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

UTEDAG (4. - 7. KLASSE)
Bli med ein dag ut i skogen i Hanabergsmarka. Me lagar mat på bål, spikkar, bygger gapahuk, klatrar i taua i trea og kosar oss. Hugs å kle deg for ein dag ute! Gratis lunsj inkludert. 

KOR: Vitengarden, Nærbø
ANTAL: 8

ALTERNATIV 1: 13.juli klokka 10.00 - 14.00 FULLT
ALTERNATIV 2: 14.juli klokka 10.00 - 14.00 FULLT
ALTERNATIV 3: 11.august klokka 10.00 - 14.00 FULLT
ALTERNATIV 4: 12.august klokka 10.00 - 14.00 FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

SMÅKRYPJEGER (4. - 7. KLASSE)
Ver med til Audamotland og sjå kva yrande liv som finst der kravlande under steinar, flygande i lufta og symjande i sivet i Audamotlandstjørna. Me set ut insekstfeller, bruker spader, håvar og forstørringsglas og kan finne alt frå skolpenderar og sommarfuglar til rumpetroll og vasskorpionar. Gratis lunsj inkludert.

KOR: Vitengarden, Nærbø
ANTAL: 8
Påmelding innan 18.06.2021 

ALTERNATIV 1:15.juli klokka 10.00 - 14.00 FULLT
ALTERNATIV 2
: 16.juli klokka 10.00 - 14.00

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

PROGRAMMERING (13 - 18 ÅR)
Me programmerer i Makecode arcade, eit gratisprogram laga av Microsoft. Eit arcade-spel har ein retroaktiv utsjånad, og hensikta er ofte å få mest mogleg poeng på kort tid. Du designer din eigen spelefigur og lagar eit plattformspel med hjelp av blokkprogrammering. Me avsluttar dagen med å dele og spele dei ulike spela me har laga. Du treng ikkje noko utstyr, me har berbar pc som står klar til deg på Vitengarden. Gratis lunsj inkludert.
Det går buss frå Hå kulturtorg til Vitengarden kl.11.55/12.00

KOR: Vitengarden, Nærbø
ANTAL: 8
Påmelding innan 18.06.2021

DATO: 1.juli klokka 12.00 - 15.00

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

HYDRAULIKKVERKSTAD (13 - 18 ÅR)
Me skal designe og byggje maskinar med hydraulisk styring. Hydraulikk er eit område innan mekanikk som handlar om å overføra krefter – eller rørsler eller energi – mellom sylindrar gjennom vasstrykk. Hydra betyr vatn og det er det me skal bruke, medan ein i jekkar, gravemaskinar, heisar m.m. bruker olje. Med trepinnar, plastikkplater, metallakslingar, hjul, sprøyter og slangar kan me byggje fungerande modellar av gravemaskinar, gaffeltruckar, lastebil med tipp, traktor med lesseapparat eller kva enn de måtte ønske. Gratis lunsj inkludert.
Det går buss frå Hå kulturtorg til Vitengarden kl.11.55/12.00

KOR: Vitengarden, Nærbø
ANTAL: 8
Påmelding innan 18.06.2021

DATO: 12.juli klokka 12.00 - 15.00 

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

HÅ GAMLE PRESTEGARD

FYRET I KRIG OG FRED (4. - 7. KLASSE)
Bli med på ein spennande dag på Obrestad fyr saman med Jæren Kystlag, Kystverket og Hå gamle prestegard. Du får navigere med småbåtar i basseng, lage knutar av tau. Kystlaget startar båtmotorane og viser maskinane inne i fyret. Kystverket viser maskinar og fyrlykt og ting fyrvaktaren måtte lage og bruke. Høyr om korleis det var på fyret under 2. verdskrigen. Matpause ca. 30 minutt – ute om fint vêr, inne i Kystlagets lokale om det er stygt vêr. Hå gamle prestegard leverer gratis skiver og saft.

KOR: Obrestad fyr
ANTAL: Max 20

DATO: Tysdag 6. juli klokka 12.00 – 15.00. FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

FYRET I KRIG OG FRED (8. - 10. KLASSE)
Med Kystverket, Jæren kystlag, Tor Ødemotland og Hå gamle prestegard. Du får høyre om kva fyret har betydd og betyr, korleis det var å bu og arbeide der, korleis fyret blei drive. Du får også høyre om 2. verdskrigen og tysk okkupasjon. Dagen vert avslutta med besøk på kanonforlegninga på Hanaberget. Matpause med gratis skiver og saft frå Hå gamle prestegard. Maten kan etast ute, eller i pauserommet til Jæren Kystlag om vêret er dårleg.

KOR: Obrestad fyr
ANTAL: Max 20

DATO: Torsdag 8. juli klokka 12.00 – 15.00.

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

SJÅ MED HENDENE (4. - 7. KLASSE)
Bli med kunstnar Christine Peel på Hå gamle prestegard. Du får bli med inn i den spennande utstillinga MINDRE ENN 0,002 MM, lage eigen skulptur i leire, blir med ut på gravfeltet som er 1500 år gammelt og sjå kva dei kunne lage leire på den tida. Cirka 20 minutta matpause med gratis skiver og saft. Blir det meir enn 10 påmelde deler vi gruppa i to slik at ei gruppe startar med å lage i leire og ei gruppe startar med aktivitetar ute. Bytte etter maten.

KOR: Hå gamle prestegard, Nye løa
ANTAL: Maks 20

DATO: 26.juli klokka 12.00 - 15.00 !!!NY DATO!!! / Fullt
DATO:
25.juli klokka 12.00 - 15.00 EKSTRADAG

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

KERAMIKKVERKSTAD FOR BARN MED ANNE MARIT OPSTAD (3. - 10. KLASSE) 
Lær korleis ein lagar krukker og andre former i keramikk. Kom til ferdig elta leire, lær å sentrere leira og dreie. Etterpå kan vi fotografera skålene du har dreia slik kan du ta vare på minnene. Dette kan du bli med på denne dagen på Hå gamle prestegard saman med keramikar Anne-Marit Opstad. Det er to grupper med 4 barn i kvar gruppe. 
Før eller etter verkstedet kan du sjå utstillinga MINDRE ENN 0,002 MM, som har kunstverk i keramikk i mange fantastiske former.  

Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller telefon 51791660

KOR: Hå gamle prestegard
ANTAL: Maks 4 på kvar gruppe

DATO: Søndag 8.august. klokka 12.30 - 14.00 & 1430-1600

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

JÆREN FRILUFTSRÅD

LIVET I STRANDKANTEN (10 - 13 år)

Aktivitet, læring og opplevelser er viktig for tilbodet i våre Sommerdager 2021. Me vil gi barna friluftsopplevelser og friluftskunnskap i eit godt sosialt miljø saman med andre barn og trygge vaksne. På Kvassheim lærer me litt om fyrhistorie, fugleliv og marin forsøpling. Me lagar mat på primus og me tar ein krabbetur. Barna får utforske utstillinga og fyrtårnet og me har fokus på leik og samarbeid. Barna skal laga pannekaker på primus til lunsj. Me set også fram frukt. Det er viktig at barna har med seg klær etter vêret og drikkeflaske.

KOR: Friluftsfyret Kvassheim, Brusand
ANTAL: 20

ALTERNATIV 1: måndag 9.august 09.00 - 14.00
ALTERNATIV 2: torsdag 12.august 09.00 - 14.00

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

GRØNEFED KULTURTUN

OGNALEIKANE (1. - 3. KLASSE)
Det blir utandørsaktivitetar tilpassa 1.-3. klassingar (konkurransar, stafettar og kjekke oppgåver), musikkquiz (barne-TV-musikk og diverse), skattejakt, besøk av troll med lykkehjul, gratis pizza, brus og ispinne.

KOR: Grønefed kulturtun, Ogna
ANTAL: Max 30 

ALTERNATIV 1: torsdag 24.juni klokka 12.00 - 15.30 FULLT
ALTERNATIV 2: onsdag 30. juni klokka 12.00 - 15.30 FULLT
ALTERNATIV 3:
onsdag 4. august klokka 12.00 - 15.30

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

OGNALEIKANE (4. - 7. KLASSE) 
Det blir utandørsaktivitetar tilpassa 4.-7. klassingar (konkurransar, stafettar og kjekke oppgåver), musikkquiz, trylleshow med Ray Speedy, gratis pizza, brus og ispinne.

KOR: Grønefed kulturtun, Ogna
ANTAL: Max 30

DATO: måndag 28.juni klokka 12.00 - 15.30 FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

VILLE VESTEN I GRØNEFED (1. - 3. KLASSE)
Det blir utandørsaktivitetar tilpassa 1.-3. klassingar (alle får cowboyutstyr), skattejakt, cowboyshow med Johan & Dag, gratis pizza, brus og ispinne.

KOR: Grønefed kulturtun, Ogna
ANTAL: Max 30 

DATO: fredag 25.juni klokka 12.00 - 15.30 FULLT

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

TRYLLEKURS MED KEVIN LUNDE (8. - 10. KLASSE)
Trylleworkshop med Kevin Lunde. Gratis pizza, brus og ispinne

KOR: Grønefed kulturtun, Ogna
ANTAL: Max 20 

DATO: tysdag 10.august klokka 16.00 - 20.00

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

VIGRESTAD IL

Vigrestad IK arrangerer i år GRATIS sommaraktivitetar for gutar og jenter frå 1. – 7. klasse.
Årskull 2008, 2009, 2010 frå 23. juni til 25. juni klokka 10.00 -13.00
Årskull 2011, 2012, 2013, 2014 frå 11. august til 13. august klokka 10.00-13.00

Aktivitetane kvar dag vil innehalde ei økt med Ung i Hå-meister, ei økt med ballaktivitetar og ei økt med kroppsbeherskelse. Det vert gratis mat og drikke.

Spørsmål og påmelding til postmaster@vigrestad-ik.no
Påmeldingsfrist: innen 14. juni.
Ved påmelding oppgi namn, fødselsår, evt. allergi.

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

VARHAUG IL i samarbeid med UNG SOMMAR

E-SPORT (13 - 18 år)

Det blir mulighet for gaming på Varhaug. Informasjon om påmelding kjem.
Rocket League, kan låne Epic Games bruker eller bruke egen bruker. Fortnite, kan låne Epic Games bruker eller bruke egen. Farming Sim, kan låne Epic Games bruker eller bruke egen. Legue of Legends, bruke egen Riot bruker. Spillet er gratis om de ønsker å lage bruker. Overwatch, kan låne Battle.net bruker eller bruke egen bruker. Minecraft, kan låne Bruker eller bruke egen bruker. Det blir mulighet for å spille sammen på egen server.

KOR: Varhaug idrettslag
ANTAL: 12 pr dag

DATO: måndag - torsdag 1700-2100 i veke 31/32

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

NÆRBØ IL

PÅ ISEN I NYE LOEN (5 - 18 ÅR)
I sommar tilbyr Nærbø Farmers barn og ungdom fra Hå muligheten til å delta på gratis trenings- og aktivitetstilbod i ishallen på Nærbø. Det blir aktivitet tysdag, onsdag og torsdag i tidsrommet 3. – 12.august klokka 10:00 – 14:30,
med to aktivitetsperiodar og gratis lunsj kvar dag. Tilbodet er ope for barn og ungdom frå Hå i alderen 5 år – 18 år.

KOR: Nye Loen, Nærbø
PÅMELDING: Innan 20.juli på www.narboil.no

DATO: tysdag, onsdag og torsdag i tidsrommet 3. – 12.august klokka 10:00 – 14:30

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

TILRETTELAGT FRITID - GØY I SOMMAR

Regjeringa gir pengar for at barn frå 1. til 10. klasse kan få gode opplevingar. Hå kommune set i gang ein del aktivitetar i sommar. Aktivitetane er gratis for elevar i grunnskulen. Hå kommune vil at du som treng tilrettelegging og følgje på grunn av nedsett funksjonsevne kan vere med på moroa. Nokre av pengane vil gå til å dekke opphaldsutgifter, mat og fleire støttekontakttimar. Meld interesse til Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø. E-post phr@ha.kommune.no. Plass på aktivitetane blir fordelt i samarbeid med eining for funksjonshemming.

Meir informasjon finn du her:

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

HÅ FOLKEBIBLIOTEK

SOMMARLES 
Ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av folkebiblioteka i heile landet,  som varer frå 1. juni til 31. august. Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta, også dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut av 7. klasse ved kampanjestart. 

Sommarles.no er i utgangspunktet ein digital kampanje, men det er også mogleg å få lesekort på biblioteket og delta analogt. På nettsida kan barna samle poeng for kvar side dei les, sjå kva venner les og skaffe seg digitale trofé som dei kan samle på. Dei kan også følge ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og svare på oppgåver i tilknyting til forteljinga. 

Barna blir premierte for innsatsen sin med digitale trofé på profilen sin, og med fysiske premiar som dei kan hente på biblioteket. 

Sommarles er for alle, både superlesarar, middels gode lesarar og dei som treng hjelp eller er i ferd med å lære seg å lese. Dei må ikkje lese sjølve, men kan velje å høyre på lydbøker eller lesast høgt for.

NETTSIDE: Sommerles

KOR: Hå folkebibliotek

DATO: 1. juni til 31. august. I veke 27, 28 og 29 også på Barn i juli

♦♦♦♦  ♦♦♦♦

UNG I JULI / BARN I JULI / UNG SOMMAR ER STØTTA AV
Staten, Hå kommune, Bufdir, Gjensidigestiftelsen, SR-banks gavefond, Sparebanken Sør, Lions Jæren, Frifond (Komp-midler), Nærbø sanitetsforening

PROSJEKTLEIINGMonica Cecilie Herredsvela, Ungdomsklubb. Mob 480 77 515 ungsommar@ha.kommune.no
Ragnvald Wernøe, Hå kulturskule  - Mobil 415 32 618 / ungsommar@ha.kommune.no

KONTAKT:

ungsommar@ha.kommune.no

Med atterhald om endringar