Viktig informasjon om koronavirus

UNG I JULI (2020)

"Ung i juli" er eit gratis ferietilbod for ungdom for dei som startar i 8.klasse og opp til 18 år.
Det føregår kvar vekedag mellom klokka 12.00 og 15.00 i juli månad på Hå kulturtorg. 

Tilbodet blir tilpassa smitteverntiltaka som gjeld. Regjeringa har åpna for at det gis unntak fra 1-meterskravet for: personar under 20 år som deltek på sommerskole, sommarleir, aktivitetsleir, kulturskule, leirskule og andre skulelignende fritids- eller ferietilbud, samt dei som står for arrangementet.

"Barn i juli" er for elevar frå 4. og til dei som skal starte i 7.klasse. Informasjon finn du her.

 

Her kan du spela instrument, dansa, spela brettspel, teikna, drøsa, syngja og vasa. Du kan treffa andre å ha lag i, møta nye vener, testa nye hobbyar og ha det gildt.
Enkel servering av brødmat. Ungdom som treng tilrettelagte fritidsaktivitetar er også velkomne med følge.

FOR KVEN: Ungdom frå heile Hå, frå dei som startar i 8.klasse og opp til 18 år
KOR: Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, Nærbø
DAGAR: Måndag til fredag i juli 
KLOKKA: 12.00-15.00
PRIS: Gratis 
PÅMELDING: Nei. Det er bare å møta opp

FØLG UNG I JULI PÅ NETT:
Søk opp Loen Ungdomsklubb, Lensmannsløa Ungdomsklubb eller Hå kulturskule på Facebook. www.ha.no/ungijuli 

PRESSE:
Jærbladet - Gratis sommartilbod for ungdom i Hå (PDF, 769 kB)
Jærbladet - Nytt ferietilbud har ført til nye vennskap (PDF, 2 MB)

PROSJEKTLEIARAR:
Monica Cecilie Herredsvela, Ungdomsklubb
Ragnvald Wernøe, Hå kulturskule  - Mobil 41532618 / E-post rwe at ha.kommune.no