Turvegar og friluftsliv i Hå

Hå kan by på naturopplevingar i eit ope og variert kulturlandskap, strand og hei, surfing og badeliv. Det er rike moglegheiter for fiske både i sjø, ferskvatn og to av dei beste lakseelvane i landet. Fugleparken på Nærbø er og ein ynda utfartsstad, særleg for skular og barnehagar. 

Det er etablert eit vidgreint nett av turstiar, frå merka naturløyper til parsellar med barnevognstandard. Også sykkelvegnettet er godt utbygt, mellom anna med kartfesta sykkeltrasear med utgangspunkt til jernbanestasjonane.

Friluftsliv

Kan eg ta båtførarbevis i Hå kommune?

Hå kommune har ikkje eigne kurs for båtførarbevis. Det er fleire andre lokale aktørar som arrangerer båtførarkurs, mellom anna Jæren kystlag

Kor kan eg ta jegerprøven?

Les om jegerprøven og meld interessa di her.

Kor kan eg kjøpa fiskekort i Hå?

Spørsmål om fiskekort kan rettast til Jæren Jakt- og Fiskelag

 

Fann du det du leita etter?