Tilskotsordningar til idrettslag og frivillige organisasjonar

Kommunale tilskotsordningar

Hå kommune gjer tilskot til:

Driftstilskot til idrettslag

søknadsfrist: 20.februar
klikk her for å gå direkte til søknadsskjema for tilskot til idrettslag
(Søknadsskjemaet er ikkje tilgjengeleg etter søknadsfristen)

Tilskot frå folkepulsen

søknadsfrist: 20.februar
Alle idrettslag som høyrer inn under Hå Idrettsråd kan søkja tilskot til aktivitetar som er særskild retta mot inaktive vaksne, innvandrarar og/eller menneske med nedsett funksjonsevne.

 

Driftstilskot til lag og organisasjonar

søknadsfrist: 20.februar
klikk her for å gå direkte til søknadsskjema for tilskot til lag og organisasjonar
(Søknadsskjemaet er ikkje tilgjengeleg etter søknadsfristen)
 

Driftstilskot til kulturbygg

søknadsfrist: 20.februar
klikk her for å gå direkte til søknadsskjema for tilskot til kulturbygg
 

Tilskot til velferdstiltak for eldre

søknadsfrist: 20. februar
klikk her for å gå direkte til søknadsskjema for tilskot til velferdstiltak for eldre
 

Driftstilskot til skulekorps i Hå

søknadsfrist: 1. mars
klikk her for å gå direkte til søknadsskjema for tilskot til skulekorps
(Søknadsskjemaet er ikkje tilgjengeleg etter søknadsfristen)
 

Hå kommune gjer og tilskot til:

større kultur- og idrettsarrangement,
oppstart av nye kulturtilbod,
særskilde tiltak og kulturarrangement
investeringstilskot til idrettsanlegg og investeringstilskot til kulturbygg.

Dei som tek imot tilskot etter desse retningslinene, må akseptera følgjekort for funksjonshemma som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.

Unnatekne frå støtte er:

  • Lag som primært tek i vare yrkes- og dei økonomiske interessene til medlemmene.

  • Politiske parti og ungdomsorganisasjonar.

  • Politiske aksjonar.

Søknader skal sendast til Hå kommune
Der det er laga eigne elektroniske skjema, skal desse brukast.

Etter at søknaden er behandla, vert det gitt skriftleg melding om vedtaket.
For seint innkome søknader vert til vanleg ikkje behandla.

Eit lag kan ikkje få tilskot til same aktivitet frå fleire etatar i kommunen.

Klagerett
Fristen for klage er 3 veker etter at de har motteke melding om vedtaket.
Klagen skal sendast til etat for skule og kultur.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist endra 17.02.2017
Fann du det du leita etter?