Tall Ships Races 2018: Skutene

Det kjem 5 flotte skuter til Sirevåg, her kan du lese meir om dei:

Statsraad Lehmkuhl

"Dronninga blant dei norske seglskutene"

Statsraad Lehmkuhl - Klikk for stort bilete

  • Namn: «Statsraad Lehmkuhl»
  • Land: Norge
  • Hamn: Bergen
  • Klasse: A
  • Type: 3-mastra bark, skuleskip
  • Byggjeår: 1914
  • Største lengde: 98 meter (ink. baugspyd)
  • Lengde (skroget utan baugspyd):84,60 meter
  • Bredde: 12,60 meter
  • Største høgde: 48 meter
  • Største dyptgåande: 5,20 meter
  • Fast mannskap på kvart skift: 25 personar
  • Har plass til 150 medseglarar
  • Nettside: http://www.lehmkuhl.no/

Tradisjonsrike og staselege «Statsraad Lehmkuhl» er ein 98 meter lang og 13 meter brei tremastra stålbark. Han vart bygd ved Johann C. Tecklenborg AG i Bremerhaven-Geestemünde i 1914 som skuleskip for den tyske handelsflåten. Etter 1. verdskrig vart skuta konfiskert av Storbritannia. I 1923 kjøpte Norges Rederforbund skipet etter initiativ frå tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl (1855–1949). I 1924 blei «Statsraad Lehmkuhl» overdradd til institusjonen Bergens Skoleskib. Bortsett frå krigsårene 1940-45, då den tyske okkupasjonsmakta okkuperte skipet, dreiv Bergens Skoleskib «Statsraad Lehmkuhl» fram til og med 1966.

Trass statsbidrag makta ikkje institusjonen lenger å drive skuleskipet. Svikt i tilgangen på elevar og auka driftsomkostningar gjorde at eigar vurderte å selje skipet til utlandet. Skipsreiar Hilmar Reksten kjøpte midlertidig «Statsraad Lehmkuhl» i 1967 for at han ikkje skulle gå ut av landet og fortsatt skulle kunne vert brukt til sjømannsopplæring.

«Statsraad Lehmkuhl» har eit seglareal på 2.026 kvm fordelt på 22 seil. Etter at innreiinga blei modernisert, mellom anna med moderne sanitæranlegg, er elevkapasiteten redusert frå 200 til 150. Fast mannskap på kvart skift er 25 personar. Skipet har ein dieselmotor på 1125 HK som under gunstig vêr kan gje ei fart på ca. 11 knop.

Grunna skuleskipselevanes sikkerheit blei «Statsraad Lehmkuhl» allereie frå konstruktøren si side «underrigga», altså redusert seglmengde i samanlikna med skipet si daudvekt. Dette gir skipet eit visst handikap i kappseilasar ved svak vindstyrke. Skuta gjer seg difor best i frisk vind.

«I 1978 ga skipsreiar Hilmar Reksten «Statsraad Lehmkuhl» til Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl, som nå eig og driv skipet.

I åra 1968 – 72 drev skipsreiar Reksten for eiga rekning diverse kurs for førstereisgutar. Men på grunn av manglande tilskott frå staten til drift av skipet for opplæringsføremål, blei «Statsraad Lehmkuhl» liggande i opplag på Bergens havn frå 1973.


Stiftinga har gjennom fleire år leiga skipet ut til foreiningar, skular, firma og organisasjonar, som har brukt skipet til forskjellige føremål og turar. I tillegg har det gjennom fleire år vore arrangert opne segltokt og skjærgårdsturar.«Statsraad Lehmkuhl» har vitja USA ved fleire høve. Andre fjerne destinasjonar har vore Brazil, Tyrkia og Kapp Verde øyene. I åra frå 1994 til 2005 har skipet gjennomgått eit omfattande rehabiliteringsprogram, og er nå eit av de best vedlikehalda seglskipa i verda. «Statsraad Lehmkuhl» har fungert som skuleskip for den tyske marine hausten 2000, og frå 2002 har skipet kvar haust vore leigd av Den norske Marine som skuleskip for Befalsskolen og Sjøkrigsskolen.

«Statsraad Lehmkuhl» er i dag Norges største og eldste skvær-rigga seglskip.



Gulden Leeuw

Flott som en klassisk yacht» («Agatha Christie-stemning»)

Seilskuta Gulden Leeuw - Klikk for stort bilete

  • Land: Nederland
  • Hamn: Kampen
  • Klasse: A
  • Type: Tremastet skonnert
  • Byggjeår: 1937
  • Største lengde (med baugspyd) 70,72 meter
  • Lengde (uten baugspyd): 54,54 meter
  • Største høgde: 39,33 meter
  • Har plass til 60 medseglarar
  • Mannskap: 24 stk
  • Skuta var i Sirevåg under TSR i 2015 og og vi er glade for å ha den flotte skuta tilbake.
  • Nettside: www.guldenleeuw.com

Gulden Leeuw er eit stort seglskip med et fint 1930-tallspreg og vakkert dekk som ein klassisk yacht.
Dette skipet blei bygd i 1937 på vegne av det danske landbruks- og fiskeridepartementet. I teneste for den danske regjeringen blei fartøyet ofte brukt til marinbiologisk forskning både i danske farvann og internasjonale farvann. Skipet har ei rik historie. Gulden Leeuw har mellom anna vore brukt til forskningsekspedisjoner, forsyningskip, og som dansk skuleskip.Den seinare tida har skipet blitt omgjort til ein tremastra skonnert.

Gulden Leeuw tilbyr plass til opptil 200 passasjerer på dagssegling og for 56 trainees på lengre reiser. Mannskapet er lidenskapelig opptatte av seglopplæring og verdsetter god lagånd.

Skipet har komfort, elegant stil og utmerket kjøkken, og er derfor godt eigna for ulike bedriftsarrangement som seminar og turar.

 

Shtandart

Kopi av Peters den store sitt skip frå 1700-talet

SHTANDART - Klikk for stort bilete

  • Klasse: A
  • Type: Fregatt
  • Bygjgeår: 1999
  • Land: Russland.
  • Hamn:St. Petersburg.
  • Største lengde (med baugspyd): 34,5 meter
  • Lengde: 25, 50 uten baugspyd
  • Høyde: 33 meter.
  • Bredde: 6,9 meter.
  • Maks antall medseglarar: 32. Fast mannskap: 8.
  • Hjemmeside: www.shtandart.ru

Skapte ståhei i Sirevåg under TSR fest i 2015. Fylg med når Shtandart kjem til Sirevåg hamn med brask og bram og kanonskudd!

1703 var eit viktig år i Russland sin historie: Tsar Peter den store grunnla St. Petersburg og etablerte ein russisk marineflåte. Fregatten «Shtandart», blei det fyrste skipet i «Østersjøflåten». Henrik Wessel, ein eldre bror av Tordenskiold, tjente som kaptein på «Shtandart».

Me får besøk av ein flott kopi av den historiske skuta «Shtandart». Byggingen av kopien starta i 1994 i St. Petersburg, da den ideelle stiftinga “Shtandart Project” hadde fått på å få på plass alle dei nødvendige forutsetningane; ei hamn, fagfolk, oppstartskapital, og byggetegningar.

Ingen byggetegningar var blitt bevart frå orginalskipet, men ved et sammentreff hadde den erfarne marinehistorikeren, Victor Krainyukov, i 1987 fått i oppdrag frå museet Hermitasjen St. Petersburg om å finne ut mest mulig om «Shtandart». I sitt arbeid studerte forskeren materiale frå russiske arkiv og opplysningar om
skipsdesign og skipskonstruksjon frå nederlandske, franske og britiske forfattarar frå 1700-talet. Han fant også eit grafisk trykk frå det 18.århundre som viste marineskipet «Shtandart» i aksjon.

Basert på alle desse kjeldene blei det laga nye byggeskisser og konstruert ein modell av skuta i 1991. Dette igjen blei grunnlaget byggingen kopien av historiske «Shtandart».

Til skuta trengtes ei stor mengde tømmer til skuta; eik til kjøl og rammer, furu til dekk, master og gård, lerk til skroget, dekkplanking, samt lime til utskjeringane.    

Skuta er rikt dekorert med vakre utskjeringar, slik det var vanleg på 1700-talet. I baugen er det ein løvefigur og havfruer. Rundt pistolportene og på tverrbjelken (transom) framtrer ein trehoda drage, flagg, tsaren sitt våpenskjold og Kong Neptun som rir på bølgene.

 

Santa Maria Manuela

«Portugisisk perle - for fyrste gong gang i Sirevåg»

Santa Maria Manuela - Klikk for stort bilete

  • Land: Portugal.
  • Hamn: Lisboa.
  • Klasse: A.
  • Type: Firmastra skonnert.
  • Lengde: 62,64 meter.
  • Høgde: 34,47 meter.
  • Var opprinnelig eit fiskefartøy i den portugiske flåten.
  • Har plass til 50 trainees.  
  • Mannskap: 24 stk.
  • Nettside: www.santamariamanuela.pt


"Santa Maria Manuela" (SMM) er ein firmastra skonnert frå 1937, bygd av Companhia Uniao Fabril, i Lisboa. Opprinneleg blei skuta brukt til torskefiske. Allereie då var «Santa Maria Manuela» kjent som  som eit av dei vakraste fartøyane i den portugisiske flåten. I 1993 blei skuta tatt ut av drift som fiskerifartøy.  Mellom 2007 og 2010 vart skipet restaurert og ombygget av selskapet Pascoal. Deretter blei skuta overtatt av Recheio Cash & Carry, ein del av Jeronimo Martins-gruppen. I dag vert skuta nytta til seglopplæring, ekspedisjonar, teamutvikling oa.

 

Restauration 

«Kopi av berømt historisk emigrantskute»

«Restauration» er ein kopi av den mest berømte emigrantskuta i Noreg. Kopien er bygget ved Ryfylke trebåtbyggeri og blei sjøsatt i 2010. 

Svært få hendingar i norgeshistoria har møtt større fascinasjon frå nordmenn og utflytta nordmenn enn historia om «Restauration» og overfarten til Amerika. Den strabasiøse turen over Atlanterhavet og dramatikken emigrantane opplevde då dei kom til New York er skildra i eit utal romanar og fagbøker. Sluppen blir sett på som den norske Mayflower. Orginalsluppen fraktet dei første utvandrerne frå Noreg til Amerika.
4. juli 1825 reiste «Restauration» frå Stavanger med dei første 52 utvandrerene, som tre måneder senere steg i land i Amerika. Utreisen i 1825 markerte starten på masseutvandringa som fant stad i Noreg på 1800- og 1900-talet.

Privatpersoner og bedriftar kan tinga tur med «Restauration». Skuta har base på Finnøy, og turane går frå Judaberg i utgongspunktet, men det er mogeleg å gå frå andre stader også. Ein standardtur med Restauration varer i 3 timar. Om bord får du høyre forteljinga om dei som reiste over, du kan få servert skuta sin utvandrarmeny, og du får vera med på å segla – dersom det bles.

Stiftelsen Emigrantskipet Restauration eig  og driv skuta.

Fann du det du leita etter?