Dekkselskap på skutene

Seilskuta Gulden Leeuw - Klikk for stort bilete Har du starta nedteljinga til Tall Ships Races fest i Sirevåg 24. juli 2018?

Billettar til dekkselskap på ærverdige Statsraad Lehmkuhl eller den flotte nederlandske skuta Gulden Leeuw er no i sal.

 

 

Dato: Tirsdag 24.07.18. Tid: kl. 18-22. Stad: Sirevåg hamn.
Pris pr billett: kr 550 (+ formidlingsavgift kr 23,50).

Kjøp billettar her eller på Servicetorget på rådhuset.

Inkludert i billetten: Underhaldning + buffet. Merk: Drikke er ikkje inkludert.

18 års aldersgrense.

Arrangør: Hå kommune.

For meir informasjon kontakt Servicetorget telefon 51 79 30 00 eller Anne Marie Gjølme på e-post: amg@ha.kommune.no eller telefon 51 79 30 77 / 900 75 746.

Gulden Leeuw: «Dei tri»

Dei Tri - Klikk for stort bilete (Martin Våland, Grete Våland og Kjell Gudmestad)

Bandet starta som «Dei To» i 1996. Etter 10 år var det på tide med litt fornying, og i 2006 ble «Dei To» til «Dei Tri» då Grete blei med. 

Trioen «Dei Tri» er svært allsidig. Dei sett sitt personlige preg på låtane og spelar god, variert dansemusikk. 

Publikumskontakt er eit anna nøkkelord når vi skal beskriva «Dei Tri». Gruppa inviterar gjerne til allsong på fleire kjente og kjære refreng, noko som gjer at stemninga når store høgder både på scena og på dansegulvet. 

«Dei Tri» er mykje brukt som oppvarming/supportband, og har mellom anna vore support for Vestlandsfanden, Kim Larsen, Vamp, Ole Ivars, Bjørn Eidsvåg, DDE og mange fleire.

Sitat frå ein danseglad supportar: ”Dæ rykkje i hælsenå når “Dei Tri” begynne å spæla”  

Statsraad Lehmkuhl: «De syngende matroser»

De syngende matroser - Klikk for stort bilete Duoen Frank Robert Andreassen og Bjor Bohne kallar seg til vanleg Guilty Pleasure. Når det er skutefest i Sirevåg går dei under namnet «De Syngende Matroser». På kvelden vil dei syte for god og maritim stemning på Statsraad Lehmkuhl. 

Fann du det du leita etter?