Lensmannsløa

Lensmannsløa har to ulike lokale til utleige. Begge lokala har tilgang på det same kjøkkenet.

Løestova  (Første etasje)

Løestova er eit møte-/selskapslokale med plass til 70 personar.

Klikk for stort bilete

Utstyr i løestova
Utstyr i Løestova
Bord og stolar til 70 personar. Åtte bord står inne i lokalet og åtte bord står på lagerrommet. Det er plass til seks personar på kvart bord. Størrelsen på borda er 0,90 meter x 1,60 meter. Det finst ekstra stolar på lagerrommet. Her finst det også tre barnestolar.
Toalett
Prosjektor
Wifi
Stereoanlegg
Trådlaus mikrofon
Piano
Utstyr på kjøkkenet i Lensmannsløa
Utstyr på kjøkkenet
Oppvaskmaskin (steamer)
Komfyr
Kjøleskap
To kaffitraktarar som tek cirka to liter kvar
Det er ikkje fryseboks til utlån. Fryseskapet som står på kjøkkenet blir brukt av andre.
Dekketøy til 100 personar. Av finglas er det raudvinsglas. Det er ikkje dukar.
Det heng eit førstehjelpsskrin på veggen på kjøkkenet. Det er ikkje hjartestartar eller fasttelefon i Lensmannsløa.

 

 

Oppe på løa (Andre etasje)

Andre etasje i Lensmannsløa er eit selskapslokale med røft uttrykk og mykje gamal historie i veggane.  Lokalet er uisolert og blir derfor veldig kaldt om hausten og vinteren. Lokalet har inngang frå låvebrua. 

Utstyr oppe på løa
Utstyr oppe på løa
Stolar til 150 personar. Bord og stolar til 100 personar. Det er plass til seks personar på kvart bord. Til saman er det 23 bord. 19 av dei står i lagerrommet, to bord står i siloen og to står nede i 1. etasje.
Toalett
Lyslenker og gardin heng i taket
To 9 watts-vifteomnar
Wifi

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?