Bilete

Løeståvå har plass til 70 personar. - Klikk for stort bileteLøeståvå har plass til 70 personar.

Utleige Lensmannsløa

Treng du lokale til konfirmasjon, bryllaup, barneselskap eller 50-årsdag? Då kan Lensmannsløa vera noko for deg. 

Løeståvå er eit møte/selskapslokale med plass til 70 personar.

Lokalet har kjøkken med oppvaskmaskin (steamer), komfyr, kjøleskap og dekketøy til 100 personar. Lokalet er i 1. etasje og har piano, projektor, wifi og stereoanlegg.

 

Pris for utleige

Løeståvå med kjøkken

Ein dag                     2500 kr

To helgedagar          3800 kr

 

Alkohol i Lensmannsløa

Det er lov å servera alkohol i Løeståvå. Ved sal og servering, må leigetakar søka om skjenkeløyve. Søknadsskjemaet finn du på www.ha.no/skjenking. Løyvet kostar kr 300,-

 

Avbestilling og endring

Den skriftlege kontrakten som servicetorget mottek blir gjeldande. Du må betala halv leigesum viss du avbestiller seinare enn to veker før leigeperioden. Send avbestillinga skriftleg til servicetorg@ha.kommune.no

 

Nøkkel

Nøkkel hentar du i servicetorget i Hå rådhus. Opningstidene er måndag-fredag 07:45-15:15.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?