Hugseliste

Når du kjem til løa
Lås opp inngangsdøra: Trykk A - legg nøkkelbrikka inntil lesaren og trykk kode.
Sett på ventilasjonsanlegget ved å nytta brytarane som står på sikringsskapet i gangen. Sill inn ønska tid.
Reguler varmen i romma du skal bruka ved å nytta fjernkontrollen til varmepumpene. Fjernkontrollen finn du i skapet ved kjølehjørnet.
Les på branntavla til høgre for inngangsdøra, slik at du er klar over kva du skal gjere om alarmen går. Merk at nøkkel heng på venstre side.
Viss du skal bruka 2. etasje, låser du opp på same måte som skildra over.
Sett kjøkkenvifta på maks når du vaskar opp (nyttar oppvaskmaskinen)
Når du skal forlata løa
Vask opp og sett på plass evt. brukt kjøkkenutstyr. Bruksanvisning på oppvaskmaskinen heng på veggen. Hugs å reingjera kaffekannene og å fjerna brukte kaffefilter frå kaffemaskinen. Dra ut kontaktane til kaffetrakter og te-kokar.
Rydd romma du har brukt. Vask av bord og stolar, og sett dei tilbake slik dei stod. Møblel nede kan ikkje flyttast opp i 2. etasje. Sjekk toaletta.
Viss du har nytta lysestakane, vask av talg med varmt vatn. Sett lysestakane tilbake i vindauga.
Senk temperaturen på varmepumpa til 18 grader om vinter og 16 grader om sommaren dersom den er justert. Bruk fjernkontrollen som ligg i skapet ved kjølehjørnet.
Kast søppel i søppelskuret, merka «Lensmannsløa». Nøkkel finn du på kjøkkenet under benken ved søppeldunkane.
Legg brukte golv- og kjøkkenfiller i utslagsvasken i bøttekottet.
Sjekk at dører er låste og at ingen vindauge står opne. Slå av lys.
Forlat lokala via hovuddøra, og sjekk at døra er låst. Lås inngangsdøra: Trykk B - legg nøkkelbrikka inntil lesaren og trykk kode.
Ta ein runde rundt løa for å sjekke at det ser reint og fint ut

 

Slik skal bordplasseringa vera i Løestova når du er ferdig i lokalet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Meir informasjon om bygget finn du i den grønne permen som ligg i skapet ved kjølehjørnet.

Fann du det du leita etter?