Lensmannsløa

Lensmannsløa på Varhaug er ein kulturell møteplass.
Open for alle, ein stad for mange og forskjellige aktivitetar og ein stad der ein kan treffast på tvers av tradisjonelle skiljeliner.

Lensmannsløa har ein innandørs krokketbane på låven. Det vert og arrangert konsertar, skodespel, loppemarknad og bryllaup oppe.

Nede er det fleire rom. Ungdomsklubben på Varhaug nyttar heile løa, men har utstyr knytt til klubb som biljard, bordtennis og playstation mm. i stallen og siloen.

Musikkrommet vert leigd ut til ulike band og klubb, og er lydtett. Løestova med kjøkken er ein populær stad for bryllaup, konfirmasjonar, møter, foredrag og kulturkveldar. Løestova vert i tillegg nytta fast av mange lag og organisasjonar.

For leige av Lensmannsløa kontakt Servicetorget på tlf. 51 79 30 00 eller e-post servicetorg@ha.kommune.no

Vennelaget for Lensmannsgarden har brukt mange dugnadstimar til istandsetting av løa. For informasjon om aktivitetar i regi av vennelaget sjå heimesida.

Sist endra 09.01.2017

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?