Tilskotsordningar til idrettslag og frivillige organisasjonar

Klikk for stort bileteHå kommune gjer tilskot til fleire føremål, sjå liste med søknadsfrist her:

Driftstilskot til idrettslag

søknadsfrist: 20.februar
klikk her for å gå til søknadsskjema for tilskot til idrettslag

Idrettslag heimehøyrande i Hå kommune kan søkja driftstilskot basert på medlemstal, tilskot til utstyr, kurs og drift av idrettsanlegg.
Laget må vera medlem i Norges Idrettsforbund eller Det frivillige Skyttervesen.
Idrettslag som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.

Tilskot frå folkepulsen

Alle idrettslag som høyrer inn under Hå Idrettsråd kan søkja tilskot til aktivitetar som er særskild retta mot inaktive vaksne, innvandrarar og/eller menneske med nedsett funksjonsevne.

 

Driftstilskot til lag og organisasjonar

søknadsfrist: 20.februar
klikk her for å gå til søknadsskjema for tilskot til lag og organisasjonar

Frivillege lag og organisasjonar heimehøyrande i Hå kommune kan søkja driftstilskot basert på medlemstal, tilskot til utstyr og til kurs.
Tilskotet gjeld berre for medlemmer i alderen opp til og med 19 år.
Lag og organisasjonar som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.

Driftstilskot til kulturbygg

søknadsfrist: 20.februar
klikk her for å gå til søknadsskjema for tilskot til kulturbygg

Private kulturbygg i Hå kommune kan søkja tilskot til drift, utstyr og vedlikehald.
Kulturbygget må vera organisert under Kontaktutval for kulturbygg og -anlegg i Hå kommune.
Kulturbygg som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.

Tilskot til velferdstiltak for eldre

søknadsfrist: 20. februar
klikk her for å gå til søknadsskjema for tilskot til velferdstiltak for eldre
Lag og organisasjonar i Hå kommune som driv kontinuerlege nærmiljøtiltak for eldre kan søkja tilskot til drift og til ein tur i året.
Tiltaka skal vera opne for alle eldre, uavhengig av lagsmedlemskap, og gje høve til eit fritt og uforpliktande samvær.
Lag og organisasjonar som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.

Driftstilskot til skulekorps i Hå

søknadsfrist: 1. mars
klikk her for å gå til søknadsskjema for tilskot til skulekorps

 

Hå kommune gjer og tilskot til:

større kultur- og idrettsarrangement,
oppstart av nye kulturtilbod,
særskilde tiltak og kulturarrangement
investeringstilskot til idrettsanlegg og investeringstilskot til kulturbygg.

Dei som tek imot tilskot må akseptera følgjekort for funksjonshemma som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.

Unnatekne frå støtte er:

  • Lag som primært tek i vare yrkes- og dei økonomiske interessene til medlemmene.

  • Politiske parti og ungdomsorganisasjonar.

  • Politiske aksjonar.

Søknader skal sendast til Hå kommune
Der det er laga eigne elektroniske skjema, skal desse brukast.

Etter at søknaden er behandla, vert det gitt skriftleg melding om vedtaket.
For seint innkome søknader vert til vanleg ikkje behandla.

Eit lag kan ikkje få tilskot til same aktivitet frå fleire etatar i kommunen.

Fann du det du leita etter?