Tilskot til rehabilitering av private hus

Ein kan søkja om tilskot til å dekkja meirkostnader ved rehabilitering etter antikvariske retningsliner.

 

Hå kommune kan gi tilskot til rehabilitering av private hus innan kommunen. Summen som står til rådvelde for slikt tilskot vert talfesta i årsbudsjettet, p.t. kr. 150.000 pr. år. Hus og anlegg i verneklasse A og B skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Ein skal og kunne gi tilskot til andre hus og anlegg ut frå vurderingar om kulturvern. Tildeling av tilskot vert gjort ein gong i året etter søknad. Søknadsfristen er 21. april 2017

Søknaden må innehalde:

  • Namn på søkjar
  • e-post
  • telefonnummer
  • skildring av planlagt arbeid
  • søknadssum
  • gards/bruksnummer og adressa til huset/ anlegget det gjeld

Det finst elles ei rekkje støtteordningar for istandsetting av verneverdige bygningar og miljø. Desse kan endra seg noko frå år til år. Sjå Riksantikvaren Norsk Kulturminnefond  Rogaland fylkeskommune  Fylkesmannen i Rogaland

 

Fann du det du leita etter?