Bilete

Kulturvern

Kulturminna fortel oss noko om korleis menneska før oss har levd, og gir oss ei kjensle av identitet og kontinuitet i lokalsamfunnet. Ein kommune med mange og ulike kulturminne som vert haldne i god stand, tek også vare på eigenarten sin.

Hå kommune har mangfaldige og rike kulturtradisjonar, samt spennande spor etter busetnad frå steinalderen og fram til i dag. I tillegg til ulike kulturminne og museum har kommunen både fyr til leige og eige kunstgalleri med eit interessant program. Les meir om dette på heimesida til Hå gamle prestegard.

Kulturvernet i Hå kommune arbeider med vern, vedlikehald og brukstilpassing av kulturminne ut frå ei vurdering av desse som kulturhistoriske, sosiale, økonomiske, estetiske og antikvariske ressursar i dagens og framtidas samfunn.

 Hå kommune har kulturminnevernplan.

 

 

Sist endra 23.01.2017

Kontakt

Eva  Watne
Eva Watne
Leiar, Kulturvern
Telefon: 51 79 16 60
Martin Worts
Martin Worts
Rådgivar
Telefon: 992 14 886

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?