Tilrettelagt fritid

Aktivitetstilbod til Håbuar med nedsett funksjonsevne

.

A-laget og Vennegruppa er tilrettelagte fritidstilbod for unge som bur i Hå.
Tilboda er for deg som treng fritidsaktivitet i ei lita gruppe med tett oppfølging.  Det er minst to leiarar på begge gruppene.

A-laget frå 5. til og med 8. klasse onsdagar kl. 1430.

Vennegruppa ungdom frå 9. klasse og eldre, torsdagar kl. 1500

Møt ved Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, Nærbø.
Deltakartalet er avgrensa

Påmelding til Hå kulturtorg. Søknadsfrist: 7. juni.

Kostnad: Deltakaravgift for hausthalvåret: kr. 400,-.
Me tilbyr eit lett måltid når aktiviteten startar.  Det kostar kr. 300,- pr. halvår.
Utgifter som inngangspengar kan koma i tillegg.

Ta gjerne kontakt på tlf 51 79 35 30 om du har spørsmål.

Hå kulturtorg på nærbø - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

KULTURKAFE
Kulturkafe for vaksne på Hå kulturtorg, Nærbø kvar torsdag og ein måndag kvar månad, kl. 18.30.

UNIKT TEATER
Interkommunal teaterverkstad på Klepp  for unge og vaksne med utviklingshemming.
Gruppa vert driven i samarbeid mellom Time, Gjesdal, Klepp og Hå.

KULTURSKULEN 
Kulturskulen tilbyr tilrettelagt undervisning, mellom anna i musikk og visuelle kunstfag.

ANDRE TILBOD
Bowling, sommaraktivitetar og temakveldar for foreldre og støttekontaktar.

FØLGJEKORT
Har du ei funksjonshemming som gjer at du treng følgje for å delta på kulturaktivitetar, kan du søkje om følgjekort / ledsagerbevis, søknadsskjema (PDF, 429 kB).
Søknadsskjema får du hjå Hå kulturtorg, på helsesentra eller i Servicetorget på rådhuset.
Kontakt Per Henry Runde, Hå kulturtorg.

UNGDOMSKLUBB
For alle frå 8. klasse. 
Loen, Nærbø – onsdag kl. 17.00 - 21.00.
Lennsmannsløå, Varhaug – tysdag kl. 14.30 – 21.00.

LAG OG ORGANISASJONAR
gir mange tilbod til barn og unge.
Hå kulturtorg tilbyr oppfølging til deg som vil delta i t.d. idrettslag, ungdomslag, 4H, speidar, korps mm. 

TILSKOT
Organisasjonar som har rett til tilskot kan søke støtte til meirutgifter  til inkludering på nærare vilkår. Lenkje til opplysningar om tilskotsordninga.

KONTAKT OSS
Kulturtorget, Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø
Telefon: 51 79 35 30
E-post: post.kulturtorget@ha.kommune.no

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?