Viktig melding

Lukk meldinga

Hå idrettsråd

Hå idrettsråd og Hå kommune har felles mål (PDF, 37 kB) i å skapa eit levande lokalsamfunn der det er godt tilrettelagt for idrett og fysisk aktivitet, og folk kjenner seg heime, finn tryggleik, meining og trivsel.

Idrettsrådet i Hå samarbeider med Hå kommune om prosjektet Folkepulsen.

Idrettsrådet består av alle idrettslaga i kommunen som er medlemmer av NIF. Alle kommunar med fleire enn tre idrettslag skal ifølge NIFs lovverk ha eit idrettsråd.

Idrettsrådet er et fellesorgan for idretten i den enkelte kommune, organisert i NIF gjennom idrettskrinsane og underlagt NIFs lover og vedtekter.

Idrettslag med medlemskap i NIF blir automatisk medlem i idrettsrådet i sin kommune. Idrettskrinsen har service- og støtteoppgåver overfor idrettsråda og skal sørge for at det vert oppretta idrettsråd i alle kommunar. Idrettskrinsane godkjenner også idrettsråda si lovnorm.

Arbeidsområder:

  • Idrettsrådet skal arbeide for best mulige forhold for idretten i kommunen. Idrettsrådet skal vera ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og dei kommunale myndigheter og mellom laga og idrettskretsen.
  • Blant idrettsrådet sine oppgåver er å formidle idrettslaga sine anleggsbehov til kommunale myndigheter, og å fordele tilskot til "Lokale aktivitetsmidlar" (LAM). 

Basis-lovnorm for idrettsråd (IR), § 1 Formål:

  • "Idrettsrådet skal arbeide for best moglege vilkår for idretten i kommunen.   Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og dei kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskrinsen.
  • Arbeidet skal pregast av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegheit."