Reglar for utleige

Særlege koronareglar:

Hå kommune stiller utleigelokala til disposisjon, men har ikkje noko ansvar for gjennomføring av arrangement. Det er leigetakar som er ansvarleg arrangør, og som må setja seg inn i krava som til ei kvar tid gjeld.

Smittevernhandtering

For alle arrangement, må det planleggast godt for å sikra god smittevernhandtering. Dersom du planlegg eit arrangement med inntil 50 personar, er det opp til deg som ansvarleg arrangør å avgjera korleis krava til gjennomføring skal overhaldast. Det er også opp til deg å avgjera om det er forsvarleg å avvikla arrangementet. Derfor er det viktig at du set deg inn i gjeldande råd for smittevern: Smittevernråd frå FHI

Dette må du som leigetakar/arrangør gjera:

  • Ha oversikt over kven som er tilstades, for å kunna bistå ved ein eventuell seinare smitteoppsporing. Covid-19-forskriften
  • Det er spesielt viktig å sikra at personar med symptom ikkje deltek.
  • Sikra at førebyggande hygienetiltak er på plass ved å legga til rette for god håndhygiene, handvask eller desinfeksjonssprit. Dette utstyret må du sørga for sjølv.
  • Sikra at deltakarane følgjer råda om fysisk avstand til kvarandre (minst ein meter i alle situasjonar).

Aldersgrense

  • Du må vera over 20 år for å kunna leiga Lensmannsløa.
  • Til festarrangement på kveldstid og i helger, må du vera 30 år eller meir.

Betaling

  • Bestillinga er bindande.
  • Du må betala halv leigesum viss du avbestiller seinare enn fire veker før leigeperioden.
  • Det kostar 100 kroner å endra bestilling.
  • Du vil bli fakturert eit tilleggsgebyr om du brukar fleire rom enn du har bestilt. Me sender faktura til adressa du skriv i bestillinga.
  • Lokale lag og organisasjonar i Hå som er i Frivilligregisteret, leiger gratis til eige lags arbeid i vekene. I helga må dei betala 1000 kroner for utvask.
  • Kommunale tenesteområde/avdelingar i Hå, kan leiga løa gratis kvardagar fram til kl 16. Etter klokka 16 og helgedagane, er det full leigepris.

Tidsfristar

  • Kvardagar er lokalet tilgjengeleg til klokka 23.
  • Fredag, laurdag og sundag er lokalet tilgjengeleg frå klokka 08:00 til klokka 02:00.
  • Lokalet kan vera oppteke dagen før leigedato. Viss du vil dekka dagen før, må du leiga ein ekstra dag.
  • Du kan ringa til servicetorget klokka 15.00 dagen før selskapet, og høyra om lokalet er ledig.
  • Dersom du vil venta med ryddinga til dagen etter selskapet, må du leiga ein ekstra dag.
  • Du kan ikkje reservera Lensmannsløa lenger enn eitt år fram i tid til arrangement. Prisane blir justert kvart år.

Nøkkelkode

  • Nøkkelkode får du ved å ringa servicetorget i Hå rådhus tlf 51 79 30 00, nokre dagar før du leiger. Opningstidene er måndag-fredag 07:45-15:15.

Alkoholservering

  • Det er lov å servera alkohol i Løeståvå, men du må søka om skjenkeløyve for all servering av alkohol. Søknadsskjemaet finn du på www.ha.no/skjenking. Løyvet kostar kr 380,- for eit lukka selskap.
  • Det er ikkje lov å ha med medbrakt alkohol i Lensmannsløa (posefest).

Dyr

  • Det er ikkje lov å ha dyr i lokala.

Brann

  • Du skal setja deg inn i branninstruksane som er slått opp i lokalet.
  • Rømningsvegane må ikkje sperrast
  • Viss brannalarmen går ved ein feil, og det ikkje blir avblese (ring 110), må du betala for utrykking.

Vinterstengt løe (2. etasje)

  • Løa er uisolert og kald vinterstid. Den er derfor stengt for bryllup og selskap frå 1. oktober til 1. mai. Løestova nede er open heile året.

Støy

  • Hugs at Lensmannsløa ligg midt i eit stille nabolag. Vis omsyn til naboane, og demp lyden etter klokka 24:00. Dersom du skal spela høg musikk, skal naboane varslast.

Rydding og vasking

  • Leigetakar er ansvarleg for rydding, reingjering og tømming av søppel etter bruk.
  • Vask av golv og toalett er inkludert i prisen, men golvet skal moppast der det har vore sølt. Dersom dette ikkje blir gjort skikkeleg, fakturerer me eit tilleggsgebyr.
  • Vaskeutstyr finn du i kottet bak kjøkken.
  • Gjer reint stolar, bord, kjøkkenbenk, og det som er brukt på kjøkkenet.
  • Rydd borda på plass etter bruk. Stabla maks seks stolar i høgden.

Søppel

  • Hugs at uteområdet er midt i ein barnehage. Ikkje la sneiper og søppel ligga att. Alt avfall skal leggast i søppeldunkar i søppelskuret, merka med «Lensmannsløa». Nøkkel finn du på kjøkkenet.
  • Ved fulle dunkar er du ansvarleg for å ta med deg avfallet.

Uhell og skadar

  • Leigetakar er ansvarleg for skade på utstyr og lokale, og må erstatta eventuelle tap.
  • Ta kontakt med servicetorget på 51 79 30 00 om noko blir øydelagt. Meir informasjon i ein raud perm på kjøkkenet finn du informasjon om bruk av varmepumpe, låsing og anna. Hugs å sjekka at alle dører er låste og vindauge er lukka før du forlet lokalet.