Nærturar- turløyper der du bur

I Hå kommune er det merka 6 nærturar. Felles for desse er at dei har ein av togstasjonene på Nærbø, Varhaug, Vigrestad eller Sirevåg som utgangspunkt.
 

Gå nærtur med turleiar

Jæren Turlag, Hå, Time, Klepp og Gjesdal kommune samarbeidar om å tilby nærturar med turleiar. I løpet av 2020 blir det arrangert 23 turar i nærområdet. Turlaget stiller med turleiarar, og garanterer god stemning med kjekke folk i fin natur. Det er gratis å vera med, og det er premie til alle som er med på minst 15 av turane.

 

Nærturløyper i Hå