Julegåve til håbuen

I februar opnar Hå kommune ei heilt ny dagsturhytte ved Tvitjørn.

Dagsturhytteprosjektet har eit mål om å bidra til å skapa ein sosial møteplass og få fleire ut på tur i sitt nærmiljø. I løpet av 2021 kjem det 10 dagsturhytter til Rogaland. Hå får ei av hyttene, og den skal plasserast på ein fin utsiktsplass langs den Vestlandske hovedveg, sørvest for Tvitjørn. Turen  startar frå parkeringsplassen ved Ogna skule og tek cirka 40 minutt å gå kvar veg.

Alle dagsturhyttene i Norge har eit felles design. Dei er 15 kvadratmeter innvendig, har enkel utforming med ei dør og vindauge. Hyttene kjem med vedomn og solcellepanel for belysning under takutstikk og ved inngangsparti. I tillegg til å vera eit turmål i seg sjølv, bidreg eit bibliotek i hytta til å gi ei turoppleving utover det vanlege.

Hytta kom til Sirevåg lille julaftan, og vil videre bli frakta med helikopter i fire delar opp til hyttetomta ei gong på nyåret.

Her kan du sjå ruta: