Fiske i elv

Håelva og Ognaelva er lakseførande vassdrag som renn gjennom Hå kommune.

Fiskesesong

Fiskesesongen i Håelva og Ognaelva er 15. juni til 20. september. I lakseførande vassdrag er det berre lov å fiska i fiskesesongen,

Fiskekort

Både barn og vaksne må kjøpa fiskekort for å fiska i Håelva. Fiskekort får du kjøpt her:

Kjøp fiskekort for Håelva

Kjøp fiskekort for Ognaelva

Fiskaravgift

Skal du fiska i vassdrag med laks, sjøaure og sjørøye må du betala fiskaravgift. Barn og ungdom under 18 år skal ikkje betala fiskaravgift.