Fiske

I Hå kommune ventar mange flotte fiskeplassar på deg og fiskestanga di. Håelva og Ognaelva er lakseførande vassdrag som renn gjennom Hå kommune.

Fiske i elv

Fiskesesongen i Håelva og Ognaelva er 15. juni til 20. september. I lakseførande vassdrag er det berre lov å fiska i fiskesesongen,

Fiskekort

Både barn og vaksne må kjøpa fiskekort for å fiska i Håelva. Fiskekort får du kjøpt her:

Kjøp fiskekort for Håelva

 

Kjøp fiskekort for Ognaelva

Fiskaravgift

Skal du fiska i vassdrag med laks, sjøaure og sjørøye må du betala fiskaravgift. Barn og ungdom under 18 år skal ikkje betala fiskaravgift.

Fiske i ferskvatn

Fiskekort

Det er grunneigar som har fiskerettane i ferskvatn. Du treng derfor løyve frå grunneigar før fisket kan starta. Løyvet kan vera i form av eit fiskekort utstedt av grunneigar eller grunneigarlag. 

Kjøp fiskekort for innlandsfiske her

 

Kjøp fiskekort for "RV 504 fiskje" her

Gratis fiske for barn fram til 20. august

Barn under 16 år har rett til gratis fiskekort i perioden 1. januar til 20. august. Der det ikkje vert selt fiskekort, kan dei fiska utan å spørja grunneigar først.

Unntak:

  • I perioden fra 20. august til 31. desember må også barn under 16 år ha løyve frå grunneigar for å kunna fiska.
  • Barn under 16 år som ska fiska i lakseførande vassdrag må ha løyve frå grunneigar/kjøpa fiskekort.