Alternative turforslag i Hå

Klikk for stort bileteHer er nokre forslag til turar i nærområdet. Hugs å vera obs på dei råda som er gitt om avstand til andre turgåarar. Vis omsyn når du parkerer, og ikkje blokker vegen for andre. God tur!

NB! På mobiltelefon fungerer desse karta best om du held telefonen horisontalt/liggande.

 

Turforslag - turar i nærmiljøet

Turar i nærmiljøet
Nærbø: Dalabekk og Hanabergmarka

Rundtur du kan gå heimefrå

Lengde: 9 km

Varhaug: Rundtur til Varhaug kapell

Rundtur frå Idrettshuset til sjøen

Lengde: 10 km

Brusand: Frå Kvassheim fyr til Varden

Følg sykkelsti langs Fv.44, retur langs sjøen

Lengde: 13 km

Ogna: Rundtur til Laugarvika

Frå Ogna til Laugarvika

Lengde: 4 km

Sirevåg: Luftetur til Larsberget

Frå Sirevåg til til Larsberget

Lengde: 3,5 km

 

Turforslag - lette turar

Turforslag - lette turar
Hundamyrå - Vatnamot

Merka tur

ca 3 km lang

Parkering ved Holmane skule

Sveineskogen

Tur på grusveg i fint skogsterreng.
Det er mange fine vegar og småstiar på kryss og tvers i skogen.
Lengde ytre løype: ca 3 km

Hårr til Madland hamn

Merka løype

Lengde: 3km

Kongevegen, Hå gamle prestegard-Varhaug gamle kyrkjegard

Langs Jærkysten kan du følgja tråkk etter folk og fe gjennom mange tusen år. Spor av den forhistoriske holvegen og den historiske Kongevegen frå 1600-tallet følgjer delvis turstien som har fått namnet "Kongevegen", som går frå Nærland til Sirevåg. Fleire av dei gamle spora er framleis synlege. Strandsonen med Kongevegen er svært rik på kulturminne og heile området er landskapsvernområde. Frå Hå gamle prestegard til Kvassheim er turstien merka som kystveg med blå staker. Mange startar med strekninga Hå gamle prestegard-Varhaug gamle kyrkjegard. 14 turstrekningar med kart finn du i Kongevegen i Hå. Turhåndbok av Hanne Thomsen (Hå kommune, 2005), som er digitalisert av Nasjonalbiblioteket.  Boka er framleis til sals på Hå gamle prestegard og på Hå rådhus.

 

Turforslag - middels krevande turar

Middels krevande turar
Smøråsen og Grønåsen på Ogna

Merka løype
Lengde: 5,5 km
 

Borgåsen på Ogna

Merka løype
Lengde: 2,5 km
Parkering ved Ognatun eller utanfor bom ved Helgå hyttefelt

Matningsdal - Homse - Herredsvela

Umerka løype

Lengde: 7 km

Prestavegen - Vatnamot til Ogna

Merka tur frå Holmane skule til Vatnamot, vidare på umerka sti til Sørskog og vidare til Ogna

Lengde: 8 km

Vandavatn - Steinkjerringa - Gauleksvarden

Merka tur til Steinkjerringa og Gauleksvarden

Lengde: 7 km

Hettua

Merka tur frå Holmane skule til Vatnamot, vidare på umerka sti

Lengde: 5 km (tur-retur)

 

Turforslag - krevande turar

Lengre dagsturar
Ogna til Moifjellet (Bjerkreimsendaren)

Umerka tur

Lengde: 25 km

 

Turforslag - Sykkeltur

Sykkelturar på Jæren og i Hå
Sykkeltur i Hå

Sykkeltur i Hå

Sykkelturen gjennom Hå byr på naturopplevingar i eit ope og variert landskap; frå langstrakte marker og heier dekt i gras og lyng, forbi levande landbruk med kyr og sauer, til vakre strender med surfing og badeliv.

Sykkeltur på Jæren

Sykkeltur på Jæren

14 mil på koselege vegar i ope landskap. Jærruta er ein sykkeltur for heile familien. Ruta går frå Sola til Eigersund gjennom kommunane Klepp, Time og Hå. Det er lagt opp til fire etappar med tre overnattingar. Det finst også fleire avstikkarar på vegen.