Utleige av StampenBåde bedrifter, privatpersonar, lag og organisasjonar kan søka om bassengtid i Stampen. Prisar for utleige Det er ulike prisar for å leiga bassenget med og utan badevakt. Dersom du ikkje leiger med badevakt, må du ha eiga badevakt. Om timen er behandlingsretta, har det også innverknad på prisen. Pris for å leiga Stampen Type leige Pris Leige med badevakt 510 kroner per time Leige utan badevakt/ har eigen badevakt 410 kroner per time Behandlingsretta utleige 630 kroner per time Slik skjer tildeling av timar i Stampen: Søknadsfrist er 1. mai. Timar blir tildelte for eitt år. (Frå august til juni). Dersom det framleis er ledige timar, går det an å søka på desse i løpet av året. Ved tildeling av tid vil grupper med helsemessige behov bli prioriterte. Du må betala for alle veker, utanom dei vekene bassenget er stengt. Oppseiing av kontrakt Det er tre månadar gjensidig oppseiing av kontrakten. Sei opp kontrakten ved å fylla ut dette skjemaet. Reglar for bruk Stampen kan berre brukast dersom det er minst ei godkjent badevakt tilstades. Badevakta må ha oppdatert kurs i livredning, hjarte- og lungeredning, og delteke på kurs minst ein gong per år. Bemanning: Symjeopplæring/fribading: Ei badevakt per 15 personar. Gruppetrening: Ei badevakt per 20 personar. Dersom det skal vera fleire personar enn dette, må det vera to godkjente badevakter tilstades. Det er maksimalt lov å vera 30 personar i symjehallen per time Den ansvarlege for timen i Stampen må sikra at det er orden i garderobe og symjehall etter timen. Den ansvarlege for timen må også ringa driftsteknikar eller vaktmeister ved tekniske feil. All bruk av kamera er forbode. Sist endra03.09.2020 09.34