Familiebading

Kvar veke er det sett opp seks timar til familiebading i Stampen terapibasseng på Nærbø. Du bestiller billettar i appen Vipps. Billettar for den komande veka blir lagt ut kvar måndag klokka 08.00. Det er 10 plassar i bassenget kvar time, og billettane er populære. Derfor er det lurt å vera tidleg ute om du ønsker å sikra deg plass. Det er dessverre ikkje mogleg å avbestilla billetten.

Her finn du meir informasjon om billettbestilling

Pris

Det kostar 40 kroner uansett om du er barn, vaksen eller pensjonist. 


Timar

Tysdag 18.00-19.00 Med barn under 8 år
Tysdag 19.00-20.00 Med barn under 11 år
Fredag 16.00-17.00 Med under 8 år
Fredag 17.00-18.00 Med barn under 11 år
Fredag 18.00-19.00 Med barn under 11 år
Fredag 19.00-20.00 Ingen aldersgrense

Ein time er inkludert garderobetid. Dersom du for eksempel skal bada frå 16.00-17.00, kan du ikkje gå inn i garderoben før 16.00, og må vera ute igjen av garderoben klokka 17.00.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00