Hå kommune sin kulturvernpris blir delt ut annakvart år. Prisen skal gå til enkeltpersonar, lag, verksemder eller andre som har gjort ein særs verdfull innsats for kulturvern, bygningsvern og byggeskikk i kommunen. Prisen består av ein plakett og ei pengegåve, p.t. kr. 10.000.
Reglar for tildeling av kulturvernpris
Formannskapet har vedteke å oppretta kulturvernpris. Det skal vera eit tidsrom på minst to år mellom kvar prisutdeling.
Prisen kan vera eit diplom og ein pengesum. Pengesummen vert fastsett i årsbudsjettet.
Prisen kan gjevast til einskildpersonar, lag, verksemder eller andre utøvarar som har gjort ein særs verdfull innsats for kulturvern, bygningsvern og byggeskikk i kommunen.
Det vert oppnemnt ein jury som skal avgjera kven som skal få prisen. I dette arbeidet kan juryen sjølv søkja naudsynleg støtte frå faglege instansar/personar.
Juryen skal vera samansett av:
Leiar i utval for opplæring og kultur
Leiar i utval for tekniske saker og næring
1 medlem oppnemnd av formannskapet
Rådmannen er sekretær for juryen.
Ordføraren står for utdeling av prisen.
("Kommunale støtteordningar" pkt. 6, C)
Tidlegare mottakarar av Hå kommunes kulturvernpris
2014: Lars Haarr - Eigaren av et jærhus frå 1840, Hårr, Nordsjøvegen 3373.
2013: Ingen pris.
2011: Nina Jensen og Jarle Henriksen - sveitserhuset "Dalheim".
2009: Ingebjørg og Per Ivar Wold - "Köhlerpaviljongen".
2007: Anne Lise Holmane Messmer - jærhus "Lars Elias-huset".
2005: Båten M/B "Flink" v/sameiget.
2003: Lerbrekk gamle skulehus v/vennelaget.
2001: Audun Øyri og Ogna bondelag - "Folkeminne frå Ognaheiå".
1999: Berit og Svein Mikal Ødemotland – jærhus.
1997: Edvard Bjelland – jærhus.
1995: Solvor og Kjetil Nærland – jærhus.