Treng du litt hjelp i kvardagen, eller kan du tenka deg å hjelpa nokon andre?
Me har laga to nettskjema for deg som er innbyggar i Hå kommune:
- I det eine kan du legga inn ønske om hjelp til mellom anna innkjøp av mat, transport eller andre praktiske oppgåver. Ikkje ver redd for å melda frå!
- I det andre kan du melda deg til å vera med på dugnad. Kanskje kan du levera mat til nokon som er i karantene eller isolasjon? Kanskje vert det meir behov for barnepass framover? Er det nokon som kan tenka seg å dela ut informasjon til sårbare grupper?
Tusen takk til alle som bidrar på ulikt vis. Det er viktig at me ser kvarandre og stiller opp for kvarandre i denne absurde korona-kvardagen. Me løfter i lag – kvar einaste dag!
Klikk her viss du har behov for litt hjelp
Vil du vera med på dugnad?
Publisert18.03.2020 08.56