Vil du hjelpa til med koronavaksinering?

Illustrasjonsbilde vaksinering - Klikk for stort bileteUtover våren treng me både praktisk hjelp og fleire som kan setja vaksine.

Koronavaksineringa er godt i gang i Hå kommune. I utgangspunktet er målet at alle innbyggarar over 18 år skal vera vaksinerte seinast juni/juli. Nåverande vaksinestasjonar har samla kapasitet på 200 per dag, ved auka tilgang på vaksinar er planen å gjennomføra massevaksinering i Vigrestad idrettshall.

Det er framleis berre ei avgrensa mengd vaksinedosar som kjem, men me er førespegla auka tilgang etter påske, og håper derfor å koma i kontakt med deg som kan bidra på ein eller annan måte.

  • Kan du tenka deg å bidra som frivillig medhjelpar med praktiske oppgåver? Me treng mellom anna nokon til å organisera parkering, organisera og halda «god flyt» inne, svara på spørsmål og rydda. Fyll ut dette skjemaet, så me får vita litt meir om deg og når du kan vera med:

Meld deg som frivillig til koronavaksinering

  • Har du helsefagleg bakgrunn og har noko datakunnskap (registrera vaksinerte, eventuelt setja opp ny time)? Erfaring med å gi vaksinar er ein fordel, men det vil bli gitt nødvendig opplæring. Fyll ut dette skjemaet om du vil melda deg som vaksinatør:
Meld deg som vaksinatør
Skriv gjerne litt om kor mykje du ser for deg å vera med, kva dagar som er aktuelle for deg og om du kan på dag- eller kveldstid.Skriv gjerne litt om kor mykje du ser for deg å vera med, kva dagar som er aktuelle for deg og om du kan på dag- eller kveldstid.
Felt merka med * må fyllast ut

 

På førehand tusen takk for hjelpa. Me løfter i lag – og alt skal bli bra!