- Viktig å prioritera barn og ungeIdrettshallar og symjehallar opnar opp for trening for barn og unge under 20 år. Time, Klepp, Hå og Gjesdal har i dag (18. januar) hatt møte om smitteverntiltak på Jæren. Dei fire kommunane ser det viktige signalet regjeringa gir med at det er barn og unge som skal skjermast frå tiltak i størst mogleg grad. På bakgrunn av dei nasjonale smitteverntiltaka, og i lys av den lokale smittesituasjonen, vil følgande vera gjeldande frå 20. januar: Symjebasseng Symjebasseng opnar for organisert aktivitet for barn og unge under 20 år. Alle symjebasseng er fortsatt stengde for offentleg bading. Idrettsanlegg Alle kommunale idrettshallar og gymsalar opnar for organisert aktivitet for barn og unge under 20 år, men vil fortsatt vera stengde for organisert aktivitet for personar som er 20 år eller eldre. Alle idrettslag vert oppfordra til å gjera det same. Alle utandørs idrettsanlegg er opne. Organisert trening må verta gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar og rettleiar frå det enkelte særforbund. Toppidretten har eigne retningslinjer, og skal følga desse. Alle idrettslag vert oppfordra til å avlyse kamper, turneringer og stevner i tråd med regjerina si anbefaling. Kulturskular Kulturskulane opnar for fysisk oppmøte. Fritidsklubbar Fritidsklubbane opnar igjen. Bibliotek Biblioteka er opne, men dei fleste fysiske arrangement er avlyste. Politiske møte Alle politiske møte vil vera digitale inntil vidare. Rådhusa Dei fleste tilsette på rådhusa har heimekontor. Me oppfordrar på generelt grunnlag alle til å ta kontakt digitalt eller via telefon. Me viser til nasjonale retningslinjer når det gjeld arrangement og besøk i heimen. Publisert18.01.2021 21.33