Velkomen tilbake til trygge og omsorgsfulle barnehagar

Klikk for stort bileteMåndag opnar barnehagane i Klepp, Time og Hå igjen.

Før påske varsla regjeringa at barnehagane i Noreg kunne få opna igjen 20. april, etter å ha vore stengde sidan torsdag 12. mars. Onsdag kom den nasjonale rettleiinga om korleis barnehagar skal legga til rette for godt smittevern i tida framover.

Her finn du rettleiinga om smittevern i barnehagar

Dei neste dagane vil dei tilsette i barnehagane i Klepp, Time og Hå setja seg godt inn i dei faglege anbefalingane og sørga for at det blir trygt og triveleg for alle barna som neste veke skal tilbake til barnehagane sine.

– Me gler oss til å ta imot ungane i barnehagane igjen, og er godt førebudde. Det er viktig for alle barna at dei igjen skal få treffa leikekameratane sine, og at me alle gradvis skal tilbake til normalen, seier Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold, kommunalsjef barn og unge i Klepp kommune.

– Me følger dei nasjonale retningslinjene, og har også god dialog med kommuneoverlegen om korleis me skal handtera dette. Eg er trygg på at me skal få dette til på ein god måte, supplerer Eskil Nygaard, kommunalsjef oppvekst i Time kommune.

– Det er gjort eit solid arbeid for at overgang frå heim til barnehage skal vera så trygg som mogleg. Smittevernet har høg prioritet og fører til endringar. Den kjente barnehagekvardagen må derfor bli annleis – vaska hender ofte og grundig, seia «hade» til mor/far ute, færre leiker og få barn i små leikegrupper med fast personale, understrekar Hildegunn Sørfonn Husveg, barnehagesjef i Hå kommune.

Kommuneoverlegane i Klepp, Time og Hå viser til Norsk barnelegeforening, som mellom anna har slått fast at gjenopning av barnehagar og skular er viktig med tanke på utvikling, omsorg og læring.

– Nylege undersøkingar i Norden viser at barn vert smitta i betydeleg mindre grad enn vaksne. Island har testa eit stort utval av befolkninga, og ingen tilfelle blant barn 0-9 år vart påviste. Dette samsvarer med internasjonale funn, fortel kommuneoverlege Øystein Fjetland Øgaard i Time.

– På verdsbasis er det ingen rapporterte tilfelle av smitteutbrot blant barn i barnehagar eller skular, heller ikkje i dei landa som har hatt barnehagar og skular opne. Når me i tillegg har lite smittespreiing i Noreg, vil det vera trygt for så å seia alle barn å gå i barnehage og skule, forsikrar Øgaard.

Barn og vaksne som er sjuke, skal halda seg heime. Då vil risikoen for smitte vera svært låg.

Me vil koma tilbake med informasjon til føresette om opningstider og eventuelle andre endringar i tida framover.